Det er andre året på rad at Kvinnheringen får journalistprisen. I fjor vann journalist Elisabeth Berg Hass journalistpris for saka om ME-sjuke Eirik Aksnes, medan journalist Jonn Karl Sætre vann fotopris for bildet som illustrerte saka.

For 2016 vann Kvinnheringen, ved Elisabeth Berg Hass, Tomas Bruvik og Arne Lindeflaten, journalistprisen for reportasjeserien «Tvilsam postlistepraksis». Prisen blei delt ut under årets Vinterkonferanse i Haugesund laurdag kveld.

– Vi konkurrerte mot sterke kandidatar og gode saker, derfor forventa eg ikkje at vi skulle vinna prisen, seier Berg Hass, og legg til at det er kjekt at arbeidet ho og kollegaene har gjort blir lagt merke til i bransjen og utanfor Kvinnherad.

– Det er kjekt og motiverande å få denne anerkjenninga, for då vi jobba med reportasjeserien blei vi overraska over holdningane og praksisen fleire i kommunen hadde til offentlegheit og innsyn. Det viser også dei siste sakene vi har jobba med, der vi har søkt om innsyn om og om igjen og fått avslag. Vi må heile tida vera «på», for det går ikkje automatisk. Vi som presse må på vegner av innbyggjarane ha eit kontinuerleg fokus og jobba med dette, fordi kommunen er til for innbyggjarane og forvaltar våre pengar. Då må vi få delta i prosessane.

Berg Hass rosar også redaktør Tomas Bruvik som både løfta fram saka og bidrog i det journalistiske arbeidet, og som ønskte å bruka ressursar på saka.

– Det er veldig kjekt at vi har ein så kreativ stab som gjer at vi kan jobba på denne måten, og at vi har ein grafikar som klarar å illustrera slike saker på ein måte som gjer det meir fengande for lesarane. Sjølv om dette var tunge saker å jobba med har vi eit svært godt miljø på huset, og det trur eg er noko av årsaka til at vi får det til.

Dette skriv juryen i grunngjevinga:

«Medan tidsklemma og økonomisk press gir stadig mindre rom for kritisk og gravande journalistikk, har redaksjonen prioritert store ressursar til denne saka og tatt samfunnsansvaret sitt på alvor. Offentlege verksemder skal vera opne og gjennomsiktige, for mellom anna å styrkja informasjon og ytringsfridom, sikra demokratisk deltaking, tilliten til det offentleg og kontroll frå ålmenta. Vinnaren har utført eit grundig arbeid, og gjennom systematisk overvaking og oppfølging avdekka ein nærast utruleg mangel på offentlegheitspraksis i Kvinnherad kommune. Journalistane har ikkje berre gått gjennom alle postlister i 2015, men følgjer også opp i påfølgjande år. Dette for å kontrollera at administrasjonen og folkevalde tek eit oppgjer med ukulturen. Saka i seg sjølv blir avdekka på glitrande vis med solid dokumentasjon av mangelfulle postlister. Samstundes vert lesarane på ein grundig og pedagogisk vis informert om kor viktig offentlegheit og postlister er. Både for dei som styrer, så vel som innbyggjarane. Vaktbikkjene i Kvinnheringen har gjort ein jobb som også har ført til at både politikarar og kommunalt tilsette no har teke grep om ein særs kri-tikkverdig praksis.»

I tillegg til Journalistprisen fekk journalist Jonn Karl Sætre heiderleg omtale for bildet «Livet er fotball» av fotballtalentet Daniel Normann.
 

Her er alle prisvinnarane frå Haugesund Journalistlag sin Vinterkonferanse i helga:

JOURNALISTPRISEN 2016

Vinnar:

Elisabeth Berg Hass, Tomas Bruvik og Arne Lindeflaten for reportasjeserien «Tvilsam Postlistepraksis» for Kvinnheringen.

Heiderleg omtale:

Stine Helgesen Eide for reportasjen «Jeg har følt skam for hvor jeg kommer fra» for Mediehuset Haugesunds Avis.

Espen Løvvik og Hans Inge Ringodd for serien «Haugalandspakken» for Mediehuset Haugesunds Avis.

Geir Rommetveit for saka «Død, men levande» for Mediehuset Sunnhordland.

VIDEOPRISEN 2016

Vinnar:

«Livet på Solstein» av journalist Karen Hesseberg og fotograf/redigerar Andreas Drange Jensen for TV Haugaland.

Heiderleg omtale:

«June Lise» av fotoredigerar Thomas Mortveit, journalist Karen Hesseberg og idéskapar Alexander Urrang Hauge for TV Haugaland.

FOTOPRISEN 2016

Vinner:

«Ut av mørket» av Anita Haugland for Mediehuset Sunnhordland.

Heiderleg omtale:

«Livet er fotball» av John Karl Sætre for Kvinnheringen.

«Forliset» av Marius Knutsen for Mediehuset Sunnhordland.