Kongens fortenestemedalje til Ove Tvedt

Ove Tvedt får kongen sin fortenestemedalje. (Arkivfoto).

Ove Tvedt får kongen sin fortenestemedalje. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Valebuen Ove Tvedt får H.M. Kongens fortenestemedalje, melder ordføraren i ei pressemelding.

DEL

– Ove Tvedt er ein høgt akta mann i lokalsamfunnet vårt, og har gjennom livet sitt gjort ein imponerande innsats på mange område til stor glede for Kvinnherad-samfunnet og medmenneska sine, skriv ordførar Peder Sjo Slettebø.

Ove Tvedt vil få medalje og diplom høgtideleg overrekt av ordføraren.

– Eg sender mine varmaste gratulasjonar til Ove Tvedt. Det er ei vel fortent utmerking, og vi er svært mange som set stor pris på han.

Tid og stad for høgtideleg overrekking og markering av utmerkinga vil ein koma tilbake til, og Ove Tvedt vil seinare bli invitert til mottaking på Det kongelege slott.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags