Totland nominert til Kulturdepartementet sin Fagbokpris: – Denne prisen heng høgt!

Anders Totland kan få Kulturdepartementet sin Fagbokpris for boka si «Den norske slavehandelen». Her frå då han deltok på Nordisk Barnebokkonferanse i Stavanger for nokre veker sidan. (Foto: Andrea Rocha Photography, NBBK).

Anders Totland kan få Kulturdepartementet sin Fagbokpris for boka si «Den norske slavehandelen». Her frå då han deltok på Nordisk Barnebokkonferanse i Stavanger for nokre veker sidan. (Foto: Andrea Rocha Photography, NBBK). Foto:

Forfattar Anders Totland si bok «Den norske slavehandelen» er nominert til Kulturdepartementet sin Fagbokpris for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2018.

DEL

Prisutdelinga skjer på Nasjonalbiblioteket i Oslo 14. mars, og det er kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande som skal dela ut prisen. Juryen er peika ut av Norsk barnebokinstitutt, og det er også instituttet som arrangerer prisutdelinga.

Juryen skriv følgjande om Totland si bok:

«At også Noreg deltok i slavehandelen på 1600–1800-tallet, er ei historie som nok har vore lite kjent for mange. Totland tar for seg nordmenn som dreiv med slavehandel, og innhaldet er i stor grad formidla gjennom å kaste lys over sentrale enkeltpersonar og deira historier, frå sjømenn under harde kår på slaveskipet Fredensborg, til norske guvernørar som dreiv slavefort i Afrika og borgarskap som tente godt på slavehandelen. Det personlege fokuset gjer boka til spennande og dramatisk lesing, det gjer òg at temaet blir opplevd akkurat så rått og brutalt som det er. Til slutt blir den historiske slavehandelen kopla til dagens trafficking-problematikk. Dette gir eit ekstra tidsrelevant perspektiv på temaet. Eit kjeldekapittel gir gode tips til vidare lesing om emnet. Illustrasjonane av teikneserieskapar Kristian Krogh-Sørensen står godt til teksten. Faktaboksar, kart og teikningar i lett karikert stil bidrar til å ufarleggjere det brutale innhaldet for lesaren, utan at det blir mildna for mykje».

Heng høgt

Sjølv er Totland svært glad for nominasjonen.

– Dette er ein pris som heng veldig høgt, så eg er utruleg glad for denne anerkjenninga. Spesielt sidan det er mi første bok i denne sjangeren. Sjølv om eg hadde gitt ut eit par bøker før, visste eg jo ikkje heilt kva eg dreiv med, og måtte berre prøva meg fram for å finna ei form som fungerte, kommenterer han.

Snart ny fagbok

Forfattaren kan elles avsløra at han truleg har ei ny fagbok klar allereie til hausten:

– Det var mykje jobb, men eg synest jo sjølv at resultatet blei veldig bra, ikkje minst takka vera illustrasjonane til Kristian Krohg-Sørensen. Han er i desse dagar er i innspurten med teikningane til neste bok i same sjanger, som skal handla om «nattmannen» – ein person som i si tid var aller nedst på rangsstigen. Det blir bra! kommenterer Totland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags