Pris for trivsel på jobben

Leiaren i Utdanningsforbundet, Ingrid Grønstøl,  etterlyser forslag til vinnarar av ARbeidsmiljøprisen 2018.

Leiaren i Utdanningsforbundet, Ingrid Grønstøl, etterlyser forslag til vinnarar av ARbeidsmiljøprisen 2018. Foto:

Har du det fint på jobben? I så fall kjem det snart ein ny sjanse til å hanka inn den godt etablerte Arbeidsmiljøprisen.

DEL

1. mai skal «Arbeidsmiljøprisen i Kvinnherad» for 2018 tildelast ei bedrift som kan skilta med eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Dette er åttande gongen prisen blir delt ut, og bak står eit stort fellesskap av lokale fagforeiningar (sjå fakta). Eit grunnkrav er naturleg nok at arbeidsplassen har tariffavtale, men elles blir nominasjonar frå alle bransjar mottekne med takk. I statuttane les vi dette: «Prisen går til ein arbeidsplass som heilskapleg og systematisk har arbeidd for arbeidsmiljøet, eller eit konkret prosjekttiltak.


Trivsel og meistring

Arbeidsmiljøet er den viktigaste faktoren for å bli verande i ein jobb, slik eg ser det. Eit godt arbeidsmiljø handlar ikkje berre om å ha gode kollegaer og kake på pauserommet, det handlar òg om gode arbeidstilhøve, der rammene er slik at det ligg til rette for at den enkelte trivst og har høve til meistring, seier leiaren i Utdanningsforbundet og jurymedlem, Ingrid Grønstøl.

Ho trekkjer òg fram at trivsel bidrar til å få ned sjukefråværet.

– Vi veit at eit godt arbeidsmiljø er med på å førebyggja stressrelatert sjukdom, noko som er viktig for å oppretthalda stabilitet i personalet, seier Grønstøl.


Ber om forslag

Ho minner om forslagsfristen 15. april, og at ein gjerne må føreslå eigen arbeidsplass. Juryen vurderer alle forslag og tar kontakt med tillitsvald eller verneombod før kåringa finn stad. Med seg i juryen har ho Kristian Lien i Fellesforbundet og Line Haugland i Fagforbundet. Kunngjeringa skjer på 1. mai-arrangementet i Kulturhuset Husnes, og sjølve prisen er eit kunstverk av ein lokal kunstnar.

– Som fagorganisasjonar er vi sjølvsagt opptekne av at alle medlemane våre skal ha eit godt og stimulerande arbeidsmiljø, og ønskjer difor å understreka dette med den årlege prisen, avsluttar Ingrid Grønstøl.


Artikkeltags