Det vart ei tradisjonell 1.mai-feiring på Husnes i år. Men, arrangementet i Kulturhuset var meir innhaldsrikt enn tidlegare.
– Vi har eit spenstigare program i år enn det vi hadde i fjor, sa dagens konferansier under seremonien i Kulturhuset Husnes, Nils Trygve Markhus.
Men før folk samla seg i kulturhuset var det 1.mai-tog gjennom bygda, der i underkant av 100 personar samla seg under parolar som «Nei til reduksjon av sjukeheimsplassar», «Ta arbeidsmiljøet tilbake» og «Ny regjering. Ja takk.»
Dei norske og det raude flagget blafra lett i den lette maibrisen då toget, anførd av Husnes musikklag, toga gjennom Kolavegen.
Etter toget var det samling i Kulturhuset, der talar, appellar og flotte musikkinnslag av store og små musikarar og songarar stod på programmet.
Dagens hovudtalar var Eigil Knutsen, Arbeidarpartiet sin tredjekandidat til Stortingsvalet til hausten. Han mottok stor applaus då han kunne opplysa om at akutt kirurgisk avdeling i Odda var berga. Arbeidarpartiet hadde bestemt seg for å gå imot nedlegging av dette viktige tilbodet i nabokommunen til Kvinnherad. Tidlegare har Venstre, Krf og Sp gjort det same. Dermed er det fleirtal på Stortinget for å bevare tilbodet.
Knutsen hadde som hovudtema den høge arbeidsløysa som er i landet om dagen, ei arbeidsløyse som mellom anna rammar 70.000 personar under 30 år. Arbeidarpartiet har henta fram igjen slagordet «Alle skal med», Arbeid til alle og kampen for å byggja trygge arbeidsplassar er blant dei viktigaste sakene for Arbeidarpartiet.
– Etter fire år med Høgre og Frp i regjering er arbeidsløysa den høgaste i Norge på 20 år. Og dei to partia sit stort sett i ro, utan å gjera noko med det, hevda Knutsen.
Han hadde ei oppmoding til alle dei representantane frå sosialistane, sosialdemokratane og fagforeiningsfolket som var samla i kulturhuset.
– Det kviler eit ansvar på oss som er her i kveld. Vi må vinne dette Stortingsvalet, sa Knutsen.
Arbeidsmiljøprisen
For sjette gong vart Arbeidsmiljøprisen delt ut 1. mai. Leiar i Utdanningsforbundet Kvinnherad, Olaug Heggenes, delte ut prisen for 2016 til eining for psykotisk behandling ved Valen sjukehus. I grunngjevinga trekte Heggenes mellom anna fram leiaren for eininga, Inger-Karin Røssland som la vekt på at alle skulle bli sett og alle skulle bli høyrd. Det har vore eit viktig bidrag for å skapa det gode arbeidsmiljøet.
Det var stolte representantar frå prisvinnaren som tok imot prisen.
– Dette er vi utruleg stolt over. Det er rett som det vart sagt, at vi har eit spesielt og godt arbeidsmiljø i eininga vår, seier Randi Bjelland Herskedal til Kvinnheringen etter prisutdelinga i kulturhuset.
Anne Bodil Opsanger støttar det kollegaen sin seier.
– Vi har visst lenge at vi har eit unikt arbeidsmiljø. No har vi fått høve til å gjera dette kjend for omverda, seier Opsanger.