Torsdag melde Hvidevold på Facebook at Privat Omsorg Sunnhordland vil begynna å tilby nokre tenester innan kreftsjukepleie.

– Vi er så heldige at vi har fått med oss den dyktige kreftsjukepleiaren Wanda Medhus på laget, og ønskjer no å tilby nokre tenester innan kreftsjukepleie. Det er elles viktig å understreka at vi på ingen måte skal ta over for den jobben kommunane gjer, men vera eit supplerande tilbod. Og vi skal ikkje tilby nokon form for medikamentbehandling, ei heller har vi personale til å driva fulltids sjukepleie, forklarar Hvidevold til Kvinnheringen.

I staden for ønskjer Privat Omsorg Sunnhordland å kunna nytta Wanda Medhus sin ekspertise til å vera der for folk i ein vanskeleg situasjon etter at livet er blitt snudd på hovudet som følgje av ein kreftdiagnose.

– Det kan til dømes vera ved at eg kan komma med råd og rettleiing innan alt frå ernæring til kva rettar ein har i systemet, tilby støttesamtalar for den som er råka og for familien, vera følgjesvein til behandling og kontroll, eller sitja nattevakt, for den del. For dei som er råka av kreft, anten sjølv eller hos ein av sine pårørande, kan det vera godt å ha hjelp av ein som kjenner systemet, og som kan hjelpa ein med å sortera tankane, forklarer Medhus sjølv.

Ho jobbar til vanleg 60 prosent ved Halsnøy helsesenter og 40 prosent i heimetenesta på Halsnøy, og strekar under at ho skal halda fram med det.

– Oppdraga for Privat Omsorg skal på ingen måte gå på kostnad av den faste jobben min, og blir noko eg utelukkande gjer i fritida mi. Men per i dag har ikkje Kvinnherad kommune eigne stillingar som er via til kreftomsorg, og for somme er det eit sakn å ha eit slikt tilbod, som går litt ut over sjølve basispleia. Det er dette vi altså ønskjer å kunna tilby i Privat Omsorg Sunnhordland, fortel Medhus, som sjølv var kreftkoordinator i kommunen frå 2014-2020.