Problem med avisleveringa tysdag

Nokre abonnentar vil dessverre ikkje få avisa i dag. (Illustrasjonsbilde).

Nokre abonnentar vil dessverre ikkje få avisa i dag. (Illustrasjonsbilde).

Ein del abonnentar vil tysdag oppleva at dei ikkje får Kvinnheringen i postkassen sin.

DEL


Både Posten og Schibsted distribusjon har gitt beskjed om at dei mangla aviser å levera ut i dag, tysdag.

Det betyr truleg at nokre avispakkar har forsvunne ein eller annan plass på vegen, og at buda derfor ikkje har nok aviser å levera ut.

Etter det vi kjenner til, gjeld dette abonnentane som får avisa levert med Posten på Løfallstrand, Ænes, Mauranger, Matre og Åkra, og abonnentane som får levert avisa med Schibsted distribusjon på Husnes.

Vi jobbar no med å lokalisera kor avisene er blitt av, og kor mange abonnentar det gjeld. Kvinnheringen beklagar til dei som ikkje får avisa.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken