Kvinnheringen har starta ein eigen innsamlingsaksjon til Kreftforeningen. Gi ditt bidrag her.

Guddal held til på Seimsfoss, og har vore i leiarrolla mest alle dei tjue åra laget har eksistert. 9. februar er det årsmøte, då håpar han å få ein avløysar.

– Eg må seia at eg har fått meir att enn eg har makta å gje vidare i desse åra som leiar. Ein får ein nærleik både internt i laget, nasjonalt og internasjonalt. Samstundes held ein seg oppdatert på kva som skjer innan forsking og behandling. Det har gjeve meg eit stort utbytte å vera bidragsgjevar, fortel Guddal frå utestova si på pynten av Seimshagen.

Med kaffi og kaker på bordet er det lett å la blikket festa seg på skjorene i hagen, likeeins på det vakre utsynet utover fjorden. Det er tydeleg at Reidar har prata om prostatakreft mange gonger før. Han informerer og fortel på eit lettfatteleg språk frå ein sjukdom han sjølv har erfart på kroppen. Han hadde problem med vasslatinga og legane ville utvida urinrøyret, men fann ut gjennom ein blodprøve at det var i prostatakjertelen problemet sat. I 1994 vart han operert.

Vikar frå Tyskland

– Det er jo over tjue år sidan, og det var ikkje urologar som jobba på sjukehuset då. Eg hugsar at det kom ein tyskar tilreisande. Han var her i ei veke og tok nokre operasjonar, før han reiste attende, mimrar Guddal.

Han legg til at det var eit tydeleg teikn på at det ikkje var noko prioritet. Han spurte ein lege på Haukeland om kor mange slike operasjonar dei gjennomførte der i løpet av eit år. Svaret var 10-11, noko som var svært overraskande.

Mykje har skjedd på behandlingsfronten for prostatakreft sidan den gongen. Reidar vart opna frå navlen og ned til bekkenbeinet, og låg inne på sjukehuset i tolv dagar. I dag er det vanleg å gjennomføra kikholskirurgi, og ein kan få reisa heim andre dag etter operasjonen. Vanlege biverknadar etter operasjon og strålebehandling er til dømes ereksjonssvikt, urinlekkasje og kronisk blærebetennelse, noko som for mange menn er vanskeleg å prata om.

– Det er jo under beltestaden, og då er det veldig lite stas å fortelja det til naboen, seier Reidar og set augo i meg, før han held alvorleg fram.

– Vi mannfolk er ikkje så flinke som de kvinner til å innsjå at vi er sjuke. Men vi har ein telefon gjennom Prostatakreftforeningen, der vi er 20–25 menn som har telefonvakt på skift, ei veke om gongen. Folk med prostatakreft kan ringa inn og prata med oss som ikkje er medisinutdanna, men som har kjent det på kroppen sjølv.

Telefonvakt med likemenn

Tilbodet med telefonvakt er populært, sjølv om det har avtatt litt dei siste åra.

– No finn dei fleste informasjonen dei treng på internett, men vi har jo kjensla av at det er mange som får diagnosen som opplever at botnen sviktar under dei. Då må vi vera likemenn, og stå fram og støtta kvarandre. Når nokon får høyra at eg har levd med sjukdommen i tjue år, då ser dei at det er håp! fortel han optimistisk.

Det er om lag 30% av dei med prostatakreft med påvist spreiing som døyr av dette. Det får Reidar til å understreka at ein må satsa på dei 70% som er att. Prognosen for overleving for alle stadium av prostatakreft samla er over 80%.

Prostataspesifikt antigen

Sjølv er han ikkje friskmeld, og PSA-verdien hans indikerer at han framleis har kreftceller som ulmar i kroppen, truleg i bekkenområdet. Han går på medisinar som held det under kontroll, og han har ikkje vondt.

– Det er jo berre å konstatera fakta; kva er alternativet? Eg er litt plaga med balansen, men det kan like godt vera på grunn av alderen. Men kreftcellene ligg der ein stad, og dersom eg går av medisinane, går PSA-verdien opp igjen, forklarar han.

PSA-verdien er ein indikator på kor hissig kreften er. Det er naturleg at denne ligg på 4, og Reidar har vore oppe i 65 på det høgste. Han prøver å forklara korleis det heng i hop.

– Dei mannlege hormona er som kveiksle på denne krefttypen. Det er difor vanleg å hemma dei mannlege hormona med medisinar.

Slik medisinering er ikkje heilande, men mange kan leva godt med sjukdommen, og døyr med prostatakreft, og ikkje av den. Guddal veit fleire som har valt å gå gjennom både kirurgi og strålebehandling. Dei han siktar til ligg framleis jamt på null i PSA-verdi etter fem til åtte år, og korleis ein vel å behandla eller lindra sjukdommen vert eit individuelt val. I mange tilfelle ville ein kunna leva betre med prostatakreft enn ein kan med biverknadane frå behandlinga.

Håpar forsking vil gje resultat

– Det ein må håpa på er at dei finn ein metode å skilja dei hissige krefttypane frå dei som er mildare, konkluderer Guddal alvorleg.

Ved dei tilfella der kreften utviklar seg langsamt, kan ein i staden for å gje behandling, observera forløpet med jamlege rutinesjekkar.

I PROFO Fonna er dei rundt 40 medlemmer per i dag, og på landsbasis er det om lag 3.000 medlemmer fordelte på 88 lokallag. Dersom nokon med prostatakreft eller deira partnarar er interessert i å oppsøka eit nettverk, oppmodar Guddal dei til å ta turen til årsmøtet deira, som vert halde på Bjørke den 9. februar.

– Det hadde vore kjekt å sjå nokre nye andlet der, avsluttar den avtroppande leiaren blidt.

FAKTA

Prostatakreft er den vanlegaste krefttypen i Noreg. Sjukdommen rammar oftast eldre menn, der nesten halvparten av tilfella oppstår blant menn over 74 år. Kreften oppstår i blærehalskjertelen eller prostata, som sit like under urinblæra hos menn. Det er rundt 5000 nye tilfelle kvart år, og ein reknar med at om lag 1 av 8 menn vil få påvist prostatakreft i løpet av livet. Dei siste tiåra har det vore ein stor auke i talet på tilfelle med prostatakreft, noko som dels skuldast at den generelle levealderen har auka. I tillegg tilbyr ein testing av Prostataspesifikt antigen (PSA) til menn mellom 50 og 70 år. Denne testen gjer at det vert diagnostisert fleire tilfelle, som tidlegare ikkje ville blitt påviste. Risikoen med ein slik test er at den kan visa auka verdiar sjølv om tilstanden er godarta, helsevesenet rår difor berre dei med ekstra risiko for å få sjukdommen til å ta ein slik test.

Nokre av symptoma på prostatakreft kan vera treg vasslating, tynn og svak urinstråle og vanskar med å tøma blæra fullstendig.