Har etablert aksjonsgruppe mot vindmøller

Av
DEL

MEININGARNorges Vassdrag og Energiverk (NVE) har bestemt at Kvinnherad kommune er svært godt egna for vindmølleutbygging. Dette slo naturleg nok ned som ei bombe i lokalmiljøet. Kvinnherad Turlag inviterte då til «Støttemarsj for naturen» og eit folkemøte på Kulturhuset Husnes med stort frammøte. I samråd med Kvinnherad Turlag er det no etablert ei aksjonsgruppe som skal arbeida aktivt for å hindre ei slik etablering i kommunen. Gruppa vil fram til høyringsfristen er ute (01.10.19) i fyrste omgang bringa fram faktainformasjon om stadar som kan bli råka, skaffa informasjon om vindmøller generelt, og oppmoda folk, bedrifter, lag og organisasjonar om å senda inn merknadar til NVE. Gruppa skal vere partipolitisk nøytral, men vil halda god kontakt med partia i kommunen, administrasjonen, og å ta kontakt med politikarar på Stortinget. Gruppa vil samstundes få fram at andre energikjelder som rehabilitering av alt utbygde vasskraftverk og linjenett, er eit svært godt alternativ til vindkraft. Aksjonsgruppa vil halda fram under namnet: «Nei til vindmøller i Kvinnherad» og drifta Facebook-gruppa med 2.708 medlemmer i skrivande stund. Gruppa vil òg halda kontakt med andre «Nei til vindmøller»-grupper rundt om i landet for å halda seg oppdatert.

Gruppa er sett saman av: Rolf S. Ask, Sven Løkeland, Mari Teigen Varanes, Åge Bjørsvik, Mona Vetrhus, Leif Jonny Ness og Annemor Ekeland. Sistnemnde er talskvinne for gruppa. Gruppa vil knyta til seg fleire folk etterkvart. Gruppa tek gjerne imot innspel på oppgåver som kan gjerast for å hindre desse øydeleggande naturinngrepa i den vakre kommunen vår. Nytt gjerne ein av desse e-postadressene: annemor.ekeland@gmail.com eller mari.varanes@gmail.com.

Annemor Ekeland,

Nei til vindmøller i Kvinnherad

Artikkeltags