«Lagnadstid for Kvinnherad!»

Foto: Midtfjellet Vindpark.

Foto: Midtfjellet Vindpark.

Av
DEL

MEININGARMe som bur i vakre Kvinnherad kommune går no inn i ei lagnadstid. Andre runde på Samla plan er ute på høyring, med frist 1. oktober. Det er Olje- og energidepartementet (Oed) som har bedt NVE om å få utgreidd kvar det er best forhold for vindmøller i Noreg. Diverre er kommunen vår definert som å vera «beste eigna for ny produksjon i eit kraftsystemperspektiv».

Det er grunn til å tru at kommunen vår ikkje var klar nok i formuleringane sine ved fyrste høyring. Av dei 51 områda som var peika ut, vart det berre 13 område igjen i planen (Samla plan) som Oed skal godkjenna til vinteren, eller om nokon skal sleppa fri. Blant dei 13 områda er diverre Kvinnherad landa, og vert me ikkje teken ut av planen, er det berre for utbyggjarar å søkja til NVE om konsesjon, og så starta bygging av vindmøller i eit omfang som folk ikkje vil tru.

NVE sit altså med bukta og begge endane, og då er på mange måtar løpet køyrt. Svært mange har engasjert seg i «Nei til vindmøller i Kvinnherad» som i skrivande stund har 3.878 følgjarar. Talet er aukande. Dette er veldig bra, men på ingen måte nok. Saka vert ikkje avgjort i sosiale medium. Det må klagast/sendast merknad til Oed, og alle må ta ansvaret sitt for å få dette gjort, om ein er samd i å bevara fjella og naturen vår for komande slekter.

Det er i Oed og NVE avgjersla vert teken. Aksjonskomiteen med støttespelarar, står no framover på stand i bygdene rundt om i kommunen. Me deler ut informasjon og oppskrift på korleis ein klagar/sender inn merknad. Dette ligg det også info om/link til på heimesida vår «Nei til vindmøller i Kvinnherad». I tillegg besøker me grunneigarar som blir råka, me oppsøker reiselivsbedrifter – og me vil sjølvsagt mobilisere til saka skal handsamast i Formannskapet 15. august og Kommunestyret 29. august. Då må me møta mannsterke opp.

Men, det aller, aller viktigaste er at kvar og ein av oss sender inn protesten vår mot øydeleggingar som ikkje kan gjerast om.

Annemor Ekeland

Talskvinne for aksjonsnemnda «Nei til vindmøller i Kvinnherad»

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags