Slik får du hjelp om du blir psykisk sjuk

TUNGT: Mange av oss opplever i periodar av livet at ting er ekstra tungt. Då er det viktig å ha nokon å snakka med, og i nokre tilfelle er det nødvendig med psykologhjelp for å komma ut av mørket. Illustrasjonsfoto: Colourbox.

TUNGT: Mange av oss opplever i periodar av livet at ting er ekstra tungt. Då er det viktig å ha nokon å snakka med, og i nokre tilfelle er det nødvendig med psykologhjelp for å komma ut av mørket. Illustrasjonsfoto: Colourbox.

I Kvinnherad er det for tida ingen privatpraktiserande psykologar, men psykologen som er knytt til den kommunale eininga for Rus- og psykiske helsetenester, er tilgjengeleg for vaksne som treng det.

DEL


Frå tid til annan dukkar det opp spørsmål om psykologar er tilgjengelege for vaksne personar som er komne i ein krisesituasjon, og som på grunn av det kjenner behov for å samtala med ein psykolog. Her tenkjer vi på menneske som frå før ikkje er brukarar av kommunale tenester eller tenester frå spesialisthelsetenesta. «Behn-effekten» har sett ein viss fart i diskusjonar rundt temaet.

Vi har tatt ein prat med einingsleiaren for den kommunale eininga for Rus- og psykiske helsetenester, Linn Stene Hellås. Eininga har ansvar for lette til moderate lidingar, medan alvorlege lidingar kjem inn under spesialisthelsetenesta, som til dømes vil seia DPS-et på Valen. Bokstavane står for distriktspsykiatrisk senter.

PARAT: Einingsleiaren for Rus- og psykiske helsetenester, Linn Stene Hellås, tilbyr hjelp også til dei som  er komne i ein akutt-situasjon.

PARAT: Einingsleiaren for Rus- og psykiske helsetenester, Linn Stene Hellås, tilbyr hjelp også til dei som er komne i ein akutt-situasjon.

Fleire nivå

Den kommunale eininga for Rus- og psykiske helsetenester består av psykologen Anita Eidnes og sju psykiske helsearbeidarar. Blant desse sju er det både vernepleiarar, sjukepleiarar og sosionomar, alle med tilleggsutdanning innanfor psykiatrien. Desse kan òg ta terapeutiske samtalar. For å bli del av eit lengre behandlings- og/eller aktivitetsforløp, må ein først ha fått eit vedtak etter søknad.

– I kvart enkelt tilfelle samtalar vi med søkjaren og vurderer kva som er den beste løysinga. Vi treng om lag fire veker til å behandla slike søknader på. Nokre gonger går det kortare tid, forklarer Hellås.

Brukaren kan gå via fastlegen sin, eller ta direkte kontakt med eininga.

Men når det gjeld samtalar med psykolog, er det ei teneste som er definert som eit «lågterskel behandlingstilbod». Det betyr at ein kan koma raskare til, og utan noko formelt vedtak, dersom brukaren og eininga kjem fram til at det er det beste.

Privatpraksis

Dei kommunale tenestene er gratis for brukarane, medan timar hos privatpraktiserande psykologar må betalast for etter gjeldande satsar. Brukarane kan sjølve ta direkte kontakt med private psykologar, som det altså finst ingen av i Kvinnherad. I slike tilfelle må ein gå til byane eller andre kommunar som har slikt tilbod.

Auka etterspørsmål

Hellås seier at den kommunale eininga opplever ein auke i talet på brukarar, som nett no ligg på rundt 170 personar.

– I enkelte periodar kan press føra til ventetid, men stort sett går det bra, forsikrar ho.

– Har de opplevd auke i pågangen etter at det vart kjent at Ari Behn tok sitt eige liv?

– Svaret er nei. Det har vi ikkje merka til no. Men vi har registrert dei mange debattane som følgde etter hendinga, og eit forsterka søkelys på verdien av å vera open om problema. Det er bra og kan i seg sjølv ha ein preventiv verknad, trur Hellås.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken