Fasit finn du nedst på sida.
Byråkratar i Kvinnherad
1. Kven gjekk av som rådmann i vår?
2. Og kva namn hadde forgjengaren hans?
3. I ein kort periode, før rådmannnen som gjekk av i vår, hadde vi ein konstituert rådmann, som mange eigentleg meiner har vore rådmann i mange periodar. Kven var det?
4. Vi hadde ein bergensar med etternamn Bendixen som var rådmann, kva var fornamnet hans?
5. Han var kommuneadvokat, kontorsjef, og fungerte i periodar som rådmann, kjem frå Kristiansund og er i dag advokat og partnar i selskapet Borgen advokatar. Kven snakkar vi om?
6. Han er den som har vore rådmann lengst i Kvinnherad, og var ein markant herremann på 70- og 80-talet. Kven var det?
7. I 1967 fekk Kvinnherad sin første rådmann (nokre hevdar det var kontorsjef han var), kven kan det ha vore?
8. Han var skule og oppvekstsjef på 90-talet og på 2000-talet vart han kommunalsjef. Kven meiner vi?
9. Trønder og økonomisjef i kommunen i dag. Kven?
10. I 2014 fekk kommunen to kommunalsjefar. Kven var dei?
Kvinnherad før og no
1. Tore Hartvik Kristensen veit som kjent bak-fram på eit munnspel. Lenge før han flytta til Kvinnherad var han frontfigur i bandet Hartvik and the heartbreakers. Gitaristen i dette bandet vart seinare ei stor stjerne innan bluesmusikk i Norge, og er framleis ein av dei fremste bluesgitaristane her på berget. Kva heiter han?
2. Grenda-redaktøren har ein namnebror som sleit ut sine første plekter på Husnes. Kva band speler han i, der kona er vokalist og frontfigur?
3. Kva år kom Grenda ut første gong, og kva med Kvinnheringen?
4. Kva kvinner fekk spela hovudrolla som Karen Mowat i Baronispelet?
5. Kva år måtte kommunestyremedlemmene i Kvinnherad ta buss til kommunestyremøta?
6. Kva månad og år opna den nye ferjekaien på Sunde?
7. Han var først på lista til Senterpartiet, og fekk flest strykningar av samtlege på alle lister. Kom seinare inn for Høgre i kommunestyret, før ferda enda i kommunestyret for Venstre. Kven?
8. Kven er tilsett som ny kommunaldirektør i Kvinnherad?
9. Ein kvinnhering er gitt store deler av «æra» for volleyballmiljøet i Kvinnherad. Han var trenar og administrator for volleyballgruppa i ei årrekkje. Kven snakkar vi om?
10. To kvinnheringar vart nordiske meistrar i volleyball for Viking i 2018, kven var det?
Ymse
1. Kven er konge i Spania?
2. Kor finn vi den spanske rideskole?
3. Kor var det eit terroråtak på ein julemarknad tidleg i desember i år?
4. Kor finn vi Nato sitt hovudkvarter?
5. Kva med FN sitt hovudkvarter?
6. I kva by ligg Pentagon?
7. Kva betyr potpourri?
8. Kva er Burj Khalifa?
9. Kva betyr allegretto?
10. Kva med serendipity eller serendipitet?
Julemusikk
1. Kven er mest kjend for slagaren «Last Christmas»?
2. Før jula i 1984 spelte Band Aid inn ein låt til inntekt for dei sultramma i Afrika. Kva song var det?
3. Kven skreiv «Det lyser i stille grender»?
4. «Home for christmas», skreiv ei kvinne som karakteriserer Baroniet Rosendal som kanskje den beste staden ho har hatt konsert. Kva heiter ho?
5. Han er kjend for songar som «Road to hell» og «Auberge», men mest kjend for ein julesong. Kven var det og kva julesong snakkar vi om?
6. Franz Gruber og Josef Mohr har skapt det som kanskje er den mest kjende julesongen i heile verda. Den vart laga i 1818 i Salzburg. Tittelen på tysk, engelsk og norsk, takk!
7. Kva år vart Bing Crosby sin «White Christmas» spelt for første gong?
8. Bach er kjend for julemusikk, kva er han mest kjend for å ha komponert?
9. «Fairytale of New York» var nok ikkje tenkt som ein julesong. Men det er det definitivt blitt, og kven syng originalen?
10. Kven song «All I want for christmas is you»?
Geografi
1. Kor lang er den kinesiske mur?
2. Denne byen har to elvar. Den er særleg kjend for alle sine gode restaurantar. Interpol har sitt hovudkvarter her. Kva by meiner vi?
3. Hovudstaden i Botswana?
4. Kva by segla Titanic ut frå?
5. I kva land ligg vintersportsstaden Zakopane?
6. Kor finn vi Sears Towers?
7. Kor ligg Gardasjøen?
8. Kva heiter det heilage fjellet i Japan?
9. Kva heiter landområdet Spania og Portugal ligg på?
10. Lichtenstein ligg mellom kva to land?
Religion
1. Kva var namnet på sonen Gud bad Abraham ofra?
2. Kva apostel fornekta sin herre tre gonger før hanen gol?
3. På kva helgendag skulle ein ha ølet ferdig før jul?
4. Kva juledag vert òg kalla Stefanusdagen?
5. Kva hinduisk reformator og politisk aktivist vart myrda i 1948?
6. Kva er dei tre største religionane, frå ein til tre?
7. Kva er Mekka?
8. Kva er det endelege målet for det religiøse livet til buddhistane?
9. Kven er pave i dag?
10. Og kor kjem han frå?
Sport
1. Kva heiter trenaren til Brann?
2. Rosenborg spelte ein uavgjort og tapte fem av kampane i si gruppe i Europa League i haust. Kva bakgardsklubbar møtte dei i gruppespelet?
3. I kva idrett har ein «skip»?
4. Kva med ein «trippel aksel»?
5. Tottenham og Arsenal er to lag frå London. Kva lag kom øvst på tabellen av desse to laga i sesongen 2017/2018 i Premiere League?
6. Kva heiter Norges beste kvinnelege skihoppar dei siste åra?
7. Kor mange medaljar tok Norge i OL i 2018?
8. Kva idrett driv Ane Guro Hjortland med?
9. Kva distansar tok Jacob Ingebrigtsen gull på i EM i friidrett i 2018?
10. Kva fotball-lag spelar Synne Bjørnebøle for?
----------------
Fasit «Byråkratar i Kvinnherad»
1. Odd Ivar Øvregård.
2. Trond Sætereng.
3. Kjell Odd Nygård.
4. Bengt Bendixen.
5. Karl Øivind Kristiansen.
6. Peder Totland.
7. Konrad Fedt.
8. Asbjørn Skår.
9. Geir Mogren.
10. Anne Sofie Kjeka og Bjørg Wangensten.
Fasit «Kvinnherad før og no»
1. Knut Reiersrud.
2. Lucky Lew.
3. 1951 og 1973.
4. Juni Dahr og Frøydis Armand.
5. 1992.
6. Juli 1981.
7. Gunnar Røssland.
8. Ragnhild Bjerkevik.
9. Sigbjørn Malmin.
10. Yngve Sundfjord og Jon Erlend Haukås.
Fasit «Ymse»
1. Felipe VI.
2. Wien.
3. Strasbourg.
4. Brüssel.
5. New York.
6. Washington.
7. Blanding. For eksempel av ulike ingredienser.
8. Verdas høgaste bygning på 828 meter. Står i Dubai.
9. Middels raskt.
10 Eit lukketreff.
Fasit «Julemusikk»
1. Wham.
3. Jacob Sande.
4. Maria Mena.
5. Chris Rea, «Driving home for christmas».
6. «Stille nacht», «Silent night» og «Glade jul».
7. I 1941.
8. Juleoratoriet.
9. The Pouges og Kirsty Maccoll.
10. Mariah Carey.
Fasit «Geografi»
1. Om lag 6000 kilometer.
2. Lyon.
3. Gaborone.
4. Southampton.
5. Polen.
6. Chicago.
7. Italia.
8. Fujiyama.
9. Iberia-halvøya.
10. Austerrike og Sveits.
Fasit «Religion»
1. Isak.
2. Peter.
3. Tomasmesse.
4. Andre juledag.
5. Mohandas Karamchand Gandhi.
6. Kristendom, Islam og Hinduisme.
7. Det er den mest heilage byen i Islam.
8. Nirvana.
9. Frans.
10. Argentina.
Fasit «Sport»
1. Lars Arne Nilsen.
2. Celtic, RB Salzburg og RB Leipzig.
3. Curling.
4. Kunstløp.
5. Sjølvsagt Tottenham.
6. Maren Lundby.
7. 39.
8. Sandvolleyball.
9. 1500 meter og 5000 meter.
10. Stord.