Prøv deg på Kvinnheringen sin julequiz!

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Fasit finn ein nedst i saka!

For dei yngste:

1. Kva heiter havet mellom Europa og Amerika?

2. Kva er lengst sør Haugesund eller Rosendal?

3. Kva sport driv Edvald Boason Hagen med?

4. Kven er ordførar i Kvinnherad?

5. Har dei 17. mai i Sverige?

6. Kva heiter julenisssen på svensk?

7. Kva heiter reinsdyret som drar først?

8. Kva brukar blånissane for å laga den blå time?

9. Kva gate kjem Lotta frå?

10. Kva heiter ugla til Harry Potter?


Jul:

1. Kven har skrive «Det lyser i stille grender»

2. Kva finsk by hevdar dei er julenissebyen?

3. Kva helgen kjem namnet julenissen frå?

4. Kva heiter dei åtte reinsdyra som går bak Rudolf?

5. Kva gjer vi om måndagen når vi går rundt ein einebærbusk?

6. Kven var keisar i Roma då Jesus vart fødd?

7. Kvar og når dukka det første juletreet opp?

8. Kvifor er fargen raud sentral i jula?

9. Kva er den mest selde jule cden/plata i Norge?

10. Når sende NRK første gang «Jul i Skomakargata»?


Geografi:

1. Kvar ligg Lierne nasjonalpark?

2. Kva delstat i Australia er skilt får resten av landet og er ei øy?

3. Hovudstaden på Grønland heiter?

4. Kva to land i Sør-Amerika grensar ikkje til Brasil?

5. Kva er utgjevarstad for avisa Hallingdølen?

6. Kva hovudstad er lengst frå Oslo?

7. Kva hovudstad er nærast Oslo?

8. Kva heiter Øvre Volta i dag?

9. Kva to land kjempar om Kashmir?

10. Provinsen British Colombia høyrer til kva land?


Lokalt:

1. Kven var trenar for a-laga i fotball til Trio, Rosendal-herrer, Rosendal-Trio-damer og Halsnøy?

2. Kva var «Vidar» i januar?

3. Kvinnheringen hadde ei speisiell avis i februar, kva gjekk inntektene til?

4. Kva kjend norsk band samla fullt hus på Husnes i februar?

5. Kven fekk frivilligprisen 2016?

6. Kven er leiar i Utfdanningsforbundet i kvinnherad?

7. Ny fabrikkjsef ved Hydro Husnes vart tilsett i 2017, kven?

8. Kven er styreleiar for Festidalen?

9. Spelte Kari Bremnes på Baroniet Rosendal i 2017?

10. Kva av dei fem fjella i fem-fjellsturen i Rosendalsområdet er mest besøkt?


Ymse:

1. Kven har skrive bøkene om Sherlock Holmes?

2. Kva heiter valutaen i Japan?

3. Kva spel har namnet «Eg spelar» på latin?

4. Kva heiter hesten til Lucky Luke?

5. Kva jazzartist vart kalla «The Bird»?

6. I kva blad dukka første gong «Smørbukk» opp?

7. Frå kva roman dukka første gong uttrykket «Storebror ser deg» opp?

8. Kven spelte den mannlege hovudrolla i «Tatt av Vinden»?

9. Kor mange nullar er det i ein Billion?

10. Kven gav ut plata «Norske jenter» på 80-talet?


Sport:

1. Kva middelmådige fotballag spelar Kieran Trippier for?

2. Kva idrett driv Johan André Forfang med?

3. Frå kva land kjem Grashoppers frå?

4. Frå kva by kjem fotballklubben Alaves?

5. Kor mange medaljar tok Norge i VM i friidrett i år?

6. Kva heiter Norges nye skøytekomet i sprint, frå Bergen?

7. Kor mange gull tok Norge i VM i skiskyting i 2017

8. Kva idrett driv Leif Kristian Haugen med?

9. Kven vann 100 meter i VM i friidrett for damer

10. Kva fotball-klubb spelar Ada Hegreberg for?


Fasit

For dei yngste

1. Atlanterhavet.

2. Haugesund.

3. Sykkel.

4. Peder Sjo Slettebø.

5. Ja.

6. Juletomten.

7. Rudolf.

8. Blåbær.

9. Bråkmakargata.

10. Hedvig.


Jul

1. Jacob Sande.

2. Rovaniemi.

3. Sankt Nikolaus.

4. Dasher, Dancer, Prancer, Vixen, Cupid, Comet, Donner og Blitzen.

5. Vasker vårt tøy.

6. Augustus.

7. I Riga i Latvia i 1510.

8. Det er kjærleikens farge.

9. Glade jul med Sissel Kyrkjebø.

10. 1979.


Geografi

1. Nord Trøndelag.

2. Tasmania.

3. Nuk eller Godthåb.

4. Chile og Equador.

5. Ål.

6. Wellington.

7. Stockholm.

8. Burkina Faso.

9. India og Pakistan.

10. Canada.


Lokalt

1. Aleksander Ekeland, Trond Inge Haugland, Futsum Mebrathu (vår og Yngve Bryn (haust) og Jan Helland og Kjell Inge Berntsen.

2. Ein storm.

3. Kreftforeininga.

4. Hellbillies.

5. Aslaug Sjo (bestemor til ordføraren).

6. Olaug Heggenes.

7. Olav Berg.

8. Bjørn Olav Tveit.

9. Ja, sjølvsagt.

10. Skålafjell.


Ymse

1. Sir Arthur Conan Doyle.

2. Yen.

3. Ludo.

4. Jolly Jumper.

5. Charlie Parker.

6. Norsk barneblad.

7. 1984 av Orwell.

8. Clark Cable.

9. 12.

10. The Kids.


Sport

1. Tottenham.

2. Skihopp.

3. Sveits.

4. Vitoria.

5. To, Karsten Warholm gull 400 m hekk, og Filip Ingebrigtsen bronse på 1500 meter.

6. Håvard Holmefjord Lorentzen.

7. 0.

8. Alpint

9. Tori Bowie.

10. Lyon.

Artikkeltags