Vil ha heile rekninga på bordet

UTVAL MED GJESTER: Kontrollutvalet hadde fleire celebre gjester torsdag. Til høgre, nærast skjermen, ser vi Line Margrethe Johansen frå Deloitte, klar for å presentera eit samandrag av rapporten om rådmannssaka. Vidare rundt bordet, mot klokka: Una M. Kolle (SF), Annemor Ekeland (V), sekretariatsleiar Kari Nygaard,  utvalsleiar Synnøve Solbakken (Ap), kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik, Sigmund Nordfonn (Frp), Oddbjørg Heimark (KrF), fungerande ordførar Hans Inge Myrvold (Sp) og i bakgrunnen til venstre, tidlegare rådmann Odd Ivar Øvregård.

UTVAL MED GJESTER: Kontrollutvalet hadde fleire celebre gjester torsdag. Til høgre, nærast skjermen, ser vi Line Margrethe Johansen frå Deloitte, klar for å presentera eit samandrag av rapporten om rådmannssaka. Vidare rundt bordet, mot klokka: Una M. Kolle (SF), Annemor Ekeland (V), sekretariatsleiar Kari Nygaard, utvalsleiar Synnøve Solbakken (Ap), kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik, Sigmund Nordfonn (Frp), Oddbjørg Heimark (KrF), fungerande ordførar Hans Inge Myrvold (Sp) og i bakgrunnen til venstre, tidlegare rådmann Odd Ivar Øvregård. Foto:

Deloitte-rapporten kosta 480.000 kroner, men kontrollutvalet vil ha heile rekninga for rådmannssaka på bordet.

DEL


Dermed får kontrollutval-sekretariatet meir å jobba med framover, for totalrekninga kjem ikkje fram før tidlegast i neste møte. Då er det mål om å få med alle advokatutgifter, konsulentbruk, ekstra lønsutgifter osb. som kom på toppen av utgiftene til rapporten.


Topptungt

I utvalsmøtet torsdag møtte leiar Synnøve Solbakken (Ap), Sigmund Nordfonn (Frp), Oddbjørg Heimark (KrF), Una M. Kolle (SF) og Annemor Ekeland (V), sistnemnde vara for Svein Åge Vangdal (Sp). I tillegg nytta fungerande ordførar denne veka, Hans Inge Myrvold, seg av ordføraren sin møterett, og ikkje minst var kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik på plass for å gjera seg kjend med utvalet. På sidelinja sat Clara Hveem (Sp) og dei to lokalavisene, og ti minutt inn i møtet kom også eksrådmann Odd Ivar Øvregård inn på tilskodarplass.

Utvalsleiar helsa både Myrvold og Bjerkvik spesielt velkomen i starten av møtet, og til sistnemnde sa Solbakken:

– Vi har gledd oss til å møta deg, og det er gledeleg å registrera at du alt har møtt i Samarbeidsrådet for Sunnhordland og representert Kvinnherad der.


Læringspunkt

Deloitte sin «rapport etter gjennomgang av prosess vedrørande sluttavtale for tidlegare rådmann» var hovudsaka i møtet. Line Margrethe Johansen frå Deloitte presenterte ein kortversjon av rapporten, i all hovudsak identisk med samandraget i den skriftlege rapporten. Saka skal òg opp i kommunestyremøtet førstkomande torsdag – det var som kjent kommunestyret som bestilte rapporten via kontrollutvalet.

Johansen sin presentasjon vart avbroten nokre gonger, mellom anna av Solbakken:

– Eg kan ikkje sjå i rapporten at habilitet på noko tidspunkt vart vurdert i prosessen. Er det korrekt? spurde Solbakken, og hadde venskapet mellom Peder Sjo Slettebø og tidlegare Borgen-advokat Bjarte Døssland i tankane.

– Nei, vi fann ikkje noko om habilitetsvurderingar, stadfesta Johansen.

Annemor Ekeland gjentok ønsket om å få dei totale kostnadane for prosessen på bordet, noko dei andre i utvalet slutta seg til, og sekretariatsleiar Kari Nygaard frå fylkeskommunen noterte seg bestillinga.

Solbakken konkluderte slik etter presentasjonen:

– Rapporten viser at prosessen ikkje var god nok. Når Ekeland spør om kostnad, veit vi at det no er brukt 480.000 på Deloitte-rapporten, men det er nok same summen mange gonger om vi ser på heile saka, til dømes har ordføraren brukt to advokatar.

Sigmund Nordfonn tok fatt i rapporten sine mange poeng om mangelfull dokumentasjon av møte og samtalar.

– Med omsyn til dei politiske møta, blir kommunestyremøta overførte direkte på web-TV, og lagra slik at ein kan gå tilbake og sjekka kva som blei sagt. Det er merkeleg at ikkje det same gjeld for formannskapsmøta – då kunne vi spart mykje pengar på mange av intervjua Deloitte har gjort i ettertid.

Annemor Ekeland takka Deloitte for ein grundig rapport.

– Det er nesten så vi kan tilby rapporten til andre kommunar som vurderer å seia opp rådmannen. Slik eg ser det er det strid om formuleringar; «overta lån» eller «ta opp lån». Ut frå erfaring veit vi at det ikkje er uvanleg å utsetja saker for ytterlegare utgreiing – eg forstår godt at Øvregård fekk sjokk då han vart kalla inn til drøftingsmøte. Hadde det vore meg, hadde eg følt eg vart henretta. Og alle burde vita at når set du mange advokatar på ei sak, i staden for å bruka sunt folkevett, då blir det dyrt.

– Kontrollutvalet gjer ein viktig jobb og rapporten er god. Men vi må få den totale kostnaden på bordet, la Ekeland til.

Utvalsleiar Solbakken slo elles fast at rapporten viser mange punkt kommunen ikkje er god nok på.

– Kva administrasjonen har, eller ikkje har, av fullmakter er eit viktig punkt, det same er dette med mangelfull dokumentasjon. Alt dette må ordføraren ta inn over seg. Noko anna ville vera å utvida manglande forståing for situasjonen han har påført kommunen og Øvregård, både økonomisk og menneskeleg.


Skal vurdera ordførar-habilitet

Utvalsleiar Solbakken tok elles opp spørsmålet om ordførar Peder Sjo Slettebø sin habilitet når rapporten skal opp kommunestyret.

– Då må habiliteten vurderast, gjerne av ein uavhengig part, sa Synnøve Solbakken.

Fungerande ordførar denne veka, Hans Inge Myrvold, opplyste at han legg til grunn at saka kjem opp i kommunestyremøtet førstkomande torsdag.

– Slettebø sin habilitet i denne saka må dermed avklarast før den tid, understreka Myrvold.

Leiar for utvalssekretariatet, Kari Nygaard, orienterte om at sekretariatet ikkje har juridisk kompetanse til å gjera ei slik habilitetsvurdering.

– Og det blir feil å bruka kommuneadvokaten i dette tilfellet. Vi kan til dømes søkja hjelp i Forum for kontroll og tilsyn, der er det gode juristar, t.d. Jan Fridthjof Bernt. Men det er kommunestyret sjølv som formelt som må ta opp spørsmålet om habilitet.

Kommunedirektør Bjerkvik takka for rådet, og forsikra at kommuneadministrasjonen tar fatt i saka.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags