Uttale i «rådmannssaka»

Av
DEL

Etter å ha lese rapporten frå Deloitte, kan me ikkje sjå at den gjev noko oppreising til tidlegare rådmann.

På side 31 i rapporten er det vist til notat frå Kommunenes Sentralforbund sin advokat, som seier følgjande:

«Det er grunn til ikkje å ha tillit til rådmannen, når administrasjonen hans forhandlar fram avtalar som skulle ha vore avtalt med folkevalt nivå, utan at dette er gjort. Dersom det er slik at det har gått føre seg utan at rådmannen veit det, er det alvorlig. Dersom rådmannen har visst om det, men nektar for det når ordførar spør, er det endå meir alvorleg. Det er heller ikkje grunn til å ha tillit til rådmannen, når saksframlegget er så lite opplysande som i denne saka».

Slik me les rapporten frå Deloitte, viser denne at KS-advokaten si vurdering var rett, og me støttar denne. Me kan ikkje sjå at ordføraren eller kommunen sine tre advokatar har handla kritikkverdig i denne saka. Me er såleis ueinige i kritikken som blir retta mot ordføraren, og han har vår fulle støtte for måten han handterte saka på.


Leif Sverre Enes,

gruppeleiar for Høgre

Sølvi Ulvenes,

medlem i Formannskapet for Høgre

Erlingur Nielsson,

leiar Kvinnherad Høgre

MEININGAR

Artikkeltags