«Kvifor la SF debatten om Rådmannssaka død?»

Av
DEL

MEININGARDet er fleire som har spurd meg kva SF tenkte då me stoppa debatten om Rådmannssaka i kommunestyret. Det framstår nok litt pussig med bakgrunn i den kritikken som kom fram i lesarbrevet frå Gaute Lund.

For å gjera det heilt klart – Sosialistisk Fellesliste held fast på kritikken av ordføraren og den måten han har handtert saka på frå byrjinga til slutt. Det uavhengige revisjonsselskapet Deloitte har i sin rapport stadfesta at det ikkje var tilstrekkeleg dokumentert at det var grunnlag for å starta personalsak. Prosessen som følgde hadde fleire manglar.

Ordførar viste ikkje vilje til å diskutera alternativ eller vurdera konsekvensar saman med den politiske leiinga. Dette har påført kommunen ekstra utgifter på over tre millionar kroner som truleg var bortkasta.

Sjølv om det er eit stort alvor i saka, hadde det ikkje nokon nytteverdi å diskutera saka i kommunestyret. Deloitte hadde gjort ein grundig presentasjon av rådmannsaka. Kritikken og læringspunkt var tydelege i rapporten. Ein diskusjon med fastlåste meiningar kunne ha tilslørt dei alvorlege faktaa som kom fram i rapporten.

Trass i at ordføraren kjem svært dårleg ut, har han vist manglande evne til sjølvransaking. Høgre forsvarer han blindt. I innlegget i Kvinnheringen 25. mars, bruker Høgre-leiinga eit lausrive sitat frå KS-advokat Lauareid. Det er teke ut av sin kontekst, frå midt i prosessen. Dei seier ingenting om rapporten, eller at den kritiserer særleg kva informasjon advokatane fekk av ordføraren. Høgre og ordføraren har teke imot rapporten på ein måte som er lite tillitsvekkjande.

Hege Lægreid Røssland

Kvinnherad SF

Artikkeltags