Rådyr påkøyrt i Uskedalen – ettersøkslaget ber bilistane vera obs

Kvinnherad ettersøkslag seier de er mange dyr langs vegen i Uskedalen, og ber bilistane vera obs. Denne rådyrgeita blei påkøyrt onsdag morgon. (Foto: Klara Bakke).

Kvinnherad ettersøkslag seier de er mange dyr langs vegen i Uskedalen, og ber bilistane vera obs. Denne rådyrgeita blei påkøyrt onsdag morgon. (Foto: Klara Bakke).

Av
DEL

Onsdag morgon blei ei rådyrgeit påkøyrt ved Kleivadalssvingen skriv Uskedalen.no.

Klara Bakke i Kvinnherad ettersøkslag presierer at det er mykje dyr langs Fylkesvegen i Uskedalen og at ein må vera merksame på faren for påkøyring. Statistikken syner at det vert påkøyrt om lag like mange av kvart slag, rådyr og hjort, i Kvinnherad.

Vegstrekninga Rød–Beinavikjo er plassen i Uskedalen for flest påkøyrsler. Den gamle frukthagen på nedsida av vegen i Beinavikjo er ein god gøymeplass. Her er ofte dyr, også på lyse dagen. Det same gjeld på begge sider av vegen i Kleivadalen.

Viss ein køyrer på hjort eller rådyr og det overlever men er skadd, er det viktig at plassen for påkøyrsla blir registrert når ein melder frå til Kvinnherad ettersøkslag. Det lettar arbeidet mykje for jegaren å vita kor ein skal starta søket.

Nummeret til ettersøkslaget er 480 07 327.

Ettersøkslaget ber alle køyra varsamt på denne strekninga og alltid ha i tankane at det kan vera dyr som kryssar eller er i vegbanen.

Artikkeltags