Randi sin 17 år gamle veslebror kom aldri heim frå turen til Stavanger

Publisert


19.11.1999: Familien tok eit siste farvel med mormor då dei følgde ho til grava. Bestemora Magnhild, som Bjarte, Randi og storesøster Ingvill heldt så kjær, var gått bort.

Ikkje i sin villaste fantasi kunne Randi og dei andre førestilla seg at dette også var siste gong dei var saman med broren, Bjarte.

Bjarte fylte 17 år det året. Han studerte til å bli røyrleggar ved yrkesfaglinja på Stord. Neste år skulle minstemann i Tveit-familien frå Varaldsøy ut i lære. Kanskje ville han flytta heim igjen til Kvinnherad då.

– Han var ein roleg og hjelpsam gut, men òg ein skøyar. Det var alltid om å gjera og finna på nokre sprell og få nokon til å le, men han blei alltid tilgitt fordi han var yngst, seier søstera, Randi.

26.11.2019: 20 år er gått sidan den katastrofale hendinga.

Det er høgtidene som er verst, fortel Randi. Det er då saknet blir størst.

– Det setet står tomt kvar gong det kjem ei ny jul. Det blir ikkje det same, for vi skulle jo vore éin til, seier ho, og legg til:

– Eg kan ikkje tru at det er så lenge sidan.

Jula blir ikkje den same, for vi skulle jo vore éin til

Bjarte vaks opp på Varaldsøy, der foreldra hadde overteke garden etter besteforeldra. Han sparka fotball for Rosendal og hjelpte til på garden. Han var heimekjær, fortel Randi.

– Då han var liten, var han stort sett der pappa var. Enten det var på fjellturar eller i arbeid på garden. Han dilta etter og var med på det som skjedde.

– Elles så var båt det store heime hos oss. Vi var på sjøen kvar sommar heilt frå vi var små. Det var veldig stas. Vi klarte ikkje å venta då det nærma seg sommarferie og talde ned dagane. Alle var med på tur, og vi venta berre på at pappa skulle bli ferdig med kontorarbeidet, mimrar Randi.

Saka held fram under.

Bjarte og søskena gledde seg stort til kvar sommar og båtferie. (Foto: Privat).

Bjarte og søskena gledde seg stort til kvar sommar og båtferie. (Foto: Privat).

Etter å ha fullført ungdomsskulen på Hatlestrand flytta han til Stord.

Den skjebnesvangre helga i 1999 skulle 17-åringen heim til Kvinnherad etter å hatt praksis hos slektningar som dreiv røyrleggarfirma i Stavanger. Onkelen køyrde han til båten som gjekk mellom Stavanger og Bergen. Etter planen skulle Randi henta veslebror på kaien på Sunde etter at ho var ferdig på jobb. På denne tida jobba Randi i kassen på bensinstasjonen på Reset, etter at ho var ferdig som konditorlærling hos Yngves på dagtid.

– Han skulle overnatta hos meg, før vi skulle heim til mamma og pappa dagen etter.

Det var ein mørk haustkveld, og det var lenge usikkert om båten kunne gå grunna vêret. Bjarte hadde til og med sjekka bussrutene.

Båten forlét likevel Haugesund klokka 18.50 den fredagen.

– Eg hugsar det var nokon innom stasjonen, som nemnde at ein båt hadde gått på land, eller at det hadde vore ei ulukke. Eg tenkte ikkje meir på det, før mamma eller pappa ringde. Dei fortalde at han hadde ringt heim og sagt at båten hadde gått på land, men at dei venta på redningshjelp. Vi forstod ikkje der og då kor alvorleg det var, minnest Randi i sofaen heime i Røsslandslia.

Etter ei lita stund fekk Randi beskjed av sjefen sin på Reset om å gå heim, og at nokon kom for å overta.

– «Ja ja, båten blir litt sein, då kjem han seg heim på ein annan måte», tenkte eg. Eg tenkte ikkje at det kunne gå så gale.

Nokre venner samla seg i leilegheita som ho delte med ei venninne på Sandvoll, for å følga nyhenda som var begynt å gå. Det var fleire kjensfolk om bord.

– Nyhenda gav oss bilde på kor alvorleg det var, fortel Randi.

Beskjeden

– Mamma ringde og ringde utover natta, men dei visste ingenting, seier Randi.

– Natta var tøff. Det er vanskeleg å setta ord på, veit du. Eg ville berre heim til familien på Varaldsøy, men det gjekk ikkje ferje så seint. Det var heilt forferdeleg.

Ho sovna ikkje før på morgonkvisten. Enno hadde ingen høyrt noko om minstemann.

– Det første eg gjorde då eg vakna var å ringa mamma. Då fortalde ho at presten akkurat var komen, seier Randi med ein klump i halsen.

– Eg knakk saman.

– Det er tida i uvisse som er det verste. Håpet om at han skal ringa. Det kjentest så lenge å venta. Du håpar jo, og høyrer om andre som blir redda. Samstundes fekk vi jo høyra om dei omkomne.

– Ein håpar i det lengste – heilt til beskjeden kjem.

Bjarte Tveit var ein av dei første som blei plukka opp frå den iskalde sjøen den novembernatta, har Randi fått fortalt.

– Redningsmannen, som har besøkt mamma og pappa seinare, hadde augnekontakt med han då han var nede og henta han. Då dei var komne opp i helikopteret, var det for seint, seier ho, med eit alvorleg ansiktsuttrykk.

17-åringen døydde ikkje av drukning. Han hadde svelgd for mykje drivstoff, viste obduksjonsrapporten.

– Ville berre sjå han igjen

Ei venninne av Randi køyrde ho heim til Varaldsøy dagen etter. Randi fortel at spesielt ein augneblink står sterkt i minne.

– Når du ser den sterke pappaen din som står støtt i det meste, heilt frå seg. Det var tøft.

– Det er det absolutt tyngste eg har opplevd. Vi ser jo alltid framover når vi veks opp, sant. Han var i gang med utdanninga si og hadde livet føre seg. Ein tenker liksom ikkje at slikt kan skje. Plutseleg sit ein igjen og tenker på alt ein hadde saman og på det som var.

Bjarte var éin av dei 16 som omkom då hurtigbåten MS «Sleipner» grunnstøtte ved Store Bloksa ved Ryvarden fyr i Sveio kommune i 1999.

Til trass for at det blei oppretta støttegrupper og ulike tilbod om hjelp, valde familien Tveit først og fremst å finna trøyst i kvarandre i den tunge tida etter den fatale ulukka.

– Ein sit igjen med så mange spørsmål. Det var vanskeleg. I tillegg så tok det tid før vi fekk han heim. Vi ville berre sjå han igjen. Det var mange venner og familiemedlemar innom, og vi snakka mykje om han. Det tar tid før ein kjem ut av eit slikt sjokk, seier Randi.

– Ein del blei fortald etterpå av andre som var med. Det var litt godt å få vita. Det verka ikkje som at han var redd. Han var den rolege og hjelpsame guten.

Bjarte i dress i ungdomstida. (Foto: Privat).

Bjarte i dress i ungdomstida. (Foto: Privat).

Bjarte ligg gravlagd på Varaldsøy. Han var åleine utan nokon kjende med seg på Sleipner.

I forbindelse med gravferda fekk familien eit brev frå ei eldre dame, som fortalde at ho hadde vore under vatn og var i ferd med å gi opp. Ho hadde gripe tak i nokon, og det var Bjarte.

– Dei hadde snakka saman medan dei flaut rundt og venta på hjelp. Det var dei to og nokre andre. Etter ei god stund hadde han slept taket.

Saka held fram under.

Ho fortel at ho etter kvart har lært seg til å leva med sorga.

– Tida går. Det er jo periodar som er tyngre. Det var vondt å mista han så tidleg, og sorga vil alltid vera der. Men det er litt som dei seier, at svart sorg blir til kvitt sakn.

Verda går vidare, og ein innser at han ikkje kjem heim. Ein må prøva å halda fast ved dei gode minna

– Etterpå var det traumatisk og forferdeleg vondt. Ein stilte seg spørsmål om korleis noko slikt kunne skje, kvifor det ikkje var nok redningsutstyr og slike ting. Ein blir sinna, men så innfinn ein seg med at slikt kan skje, og at ein ikkje får gjort det om. Ein lærer seg å leva med det. Verda går vidare, og ein innser at han ikkje kjem heim. Ein må prøva å halda fast ved dei gode minna. I dag kan eg sitta med barna mine heime, som aldri fekk møta han, og sjå på filmar og bilde, og vi kan le og grina saman.

Førre månad, nesten 20 år etterpå, besøkte Randi Ryvarden og minnesmerket for dei omkomne. Like ved der dei som var om bord etter kvart blei tvungne ut i sjøen til ein kamp for livet i bekmørket og dei to–tre meter høge bølgene.

– Eg har aldri besøkt den staden før. Det har vore for vondt. Men no var eg der for første gong. Kjærasten og eg gjekk tur ut og tente lys. Det var godt, seier Randi.

– Vi må ikkje ta kvarandre for gitt, for vi har kvarandre berre på lån.

Søskenflokken då dei var små. (Foto: Privat).

Søskenflokken då dei var små. (Foto: Privat).


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken