Gå til sidens hovedinnhold

Ras stengde vegen på Sunde

Artikkelen er over 2 år gammel
Sundsvegen på Sunde har vore stengd som følgje av eit ras.
Onsdag skal ei steinblokk ha losna og falle ned i vegen saman med eit tre. Raset gjekk like nedanfor vegen opp til gamleskulen. Nokre hundre meter frå oppkøyrsla frå hovudvegen til Sunde Oppvekstsenter.
Mesta og Kvinnherad Maskin jobba på staden torsdag ettermiddag. Torsdag kveld er vegen open igjen.

Kommentarer til denne saken