Gå til sidens hovedinnhold

Ras sperrar vegen til Åkra

Artikkelen er over 3 år gammel

Rett etter klokka 16.00 i dag har ei stor steinblokk rasa ned i vegen, halvanna kilometer frå Åkra.

Den store steinen kunne gjort alvorleg skade dersom nokon hadde kome forbi då det skjedde, men heldigvis gjekk det bra denne gongen. Raset har skjedd ved Brekkesvingane.

Lars Emil Berge fortel at dette er ein stad som er kjent for ras, og det rasar relativt ofte ut stein i dette området.

 

Til hausten skal elevane frå ungdomsskulen forbi her kvar dag, og vi er bekymra for akkurat denne strekka, seier Lars Emil Berge, som bur i Åkra.

Han fortel at det er gjort noko sikring tidlegare, men ein ser at meir sikring må til.

– Det er dessutan så smalt der at ein buss og syklist ikkje klarar å passera kvarandre.

Vegen til Åkra er som ein ser av bilda stengt no, og det vil nok ta tid før den kan opnast igjen.

 

Kommentarer til denne saken