Gå til sidens hovedinnhold

Høgast prioritet i Hordaland

Artikkelen er over 6 år gammel

Fureberg bru står øvst på behovsplanen for rassikringstiltak i Hordaland. Fredag var Nasjonal rassikringsgruppe på besøk for å sjå nærare på den rasutsette vegen.

Nasjonal rassikringsgruppe starta torsdag si to-dagars synfaring i Hordaland. Fredag kom dei saman i minibuss for å synfara fv. 551 og Fureberg bru. Gruppa består av representantar frå dei åtte mest rasutsette fylka i landet, og med seg i bussen hadde dei representantar frå Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen, samt ordførar Synnøve Solbakken.

Synnøve Solbakken var klar på at ei betring av vegen er naudsynt, men vil unngå at vegen vert stengd under arbeidet.

– Dette er vår veg ut av kommunen utan å vera avhengig av ferjer. Det er ei strekning med store utfordringar, vegen er altfor dårlig og ein er heilt avhengig av å måtte rygga om ein møter større bilar. Verst av alt er at den er utruleg rasfarleg. Vi arbeider med å få ny bru, men vi er avhengige av å få bygd ein ny veg som under arbeid ikkje vert stengd, seier ho.

Ho får støtte av 1.-kandidaten til Hordaland Senterparti si fylkestingliste, Benthe Bondhus, som òg er Hordaland sin representant i Nasjonal rassikringsgruppe. Ho hadde helst sett at ein fekk ein tunnel bak vegen ved Furebergsfossen, og at ein heller kunne hatt ein lita avkøyring ned til fossen for turistar eller andre som vil oppsøkja den.

Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, er tydeleg på at noko må gjerast ved Furebergsfossen.

– Det var ikkje noko vanskeleg å sjå at brua ved Fureberg ikkje er særlig hyggeleg å køyra forbi i dårlig vêr. Det er eit av mange døme på korleis det ikkje skal vera. Det offentlege vegnettet skal vera trygt for innbyggjarane, folk skal ikkje leva i frykt på veg til jobb, seier Kjelsnes.

For å nå målet om eit rassikkert vegnett innan 2030, vert det kravt løyvingar på i overkant av to milliardar kroner i året. Og eit kutt i statsbudsjettet på 204 millionar kroner for 2015 fall dermed i dårleg jord hjå Nasjonal rassikringsgruppe.

– Vi var veldig skuffa då løyvingane til rassikring gjekk ned. Det har auka jamt sidan starten av 2000-talet, og ein må ikkje stoppa jobben to-tredjedelar oppe i trappa. Det held ikkje. Men vi jobbar vidare inn mot sentrale styresmakter for å sikra dei midlane som trengst for å nå målet vårt, eit mål vi meiner er fullt mogleg å nå, seier Kjelsnes.

Kommentarer til denne saken