Gå til sidens hovedinnhold

Vegen er open igjen

Artikkelen er over 4 år gammel

Steinane er rydda vekk frå vegbanen, og fylkesveg 551 ved Furebergsfossen er opna for trafikk igjen.

Natt til fredag gjekk det gjekk eit steinras på Fv 551 på Sundal-sida av Furebergfossen. Ein stein på storleik med ein personbil rasa ut i vegen. Heile fredagen var vegen stengt, og først laurdag morgon fekk geologar vurdert rasstaden. Steinane er no rydda vekk, og geologane har vurdert det dit at det er trygt å passera, så rundt klokka 13 i dag laurdag opna vegen for trafikk igjen, opplysar Statens vegvesen.

Kommentarer til denne saken