Røssland og Lund på topp

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

I ei pressemelding melder Kvinnherad Sv og Kvinnherad Raudt at dei vil halda fram sitt samarbeid også i neste valperiode.

– Begge parti er nøgde med korleis dei har klart å samarbeida om felles saker. Særleg på område som helse- og sosial, miljø og bustadplan har vi vore einige og stått saman. Vi kan nemna saker om vern av Bremstølen og saken om flytting av mindreårige flyktningar som eksempel, heiter det i pressemeldinga som er signert Elisabeth Croles og Willy Kalsås.

Vidare i pressemeldinga heiter at at partia vil halda fram med sin felles politikk, der det viktigaste kjenneteiknet er ein forutsigbar kurs der vi legg vekt på sosialistiske fellesløysingar. Vi trur det er stort behov for dette politiske alternativet i kommunestyresalen i Kvinnherad.

Dei to første plassane på lista er også klar, her står som sist Hege Lægreid Røssland fra SV og på andreplass Gaute Lund frå Raudt.

Artikkeltags