Fabrikksjef Jon Ola Ystgaard overrekte gåvesjekken til representantar for den lokale nemnda for TV–aksjonen onsdag.

– I Hydro er det like mogelegheiter for alle, uavhengig av kjønn, alder eller legning. Det er ein sentral del av vårt likestillings– og mangfaldsarbeid som vi arbeider målretta med. Mål for årets aksjon er å gi jenter høve til utdanning og sikra seg eiga inntekt, hindra barneekteskap og driva grupper for jenter sine rettar. Å sikra at alle kan få utvikla sitt potensiale er viktig for å kunna skapa seg sitt eige liv. Målet med årets aksjon er såleis midt i verdigrunnlaget vårt, og det er ei glede å kunne bidra til at resultata kan bli nådd, sa han.

Sjekken frå Hydro Husnes er på heile 100.000 kroner, og utgjer eit stort bidrag til den lokale innsamlinga. Til saman gir alle Hydro sine produksjonsstadar 1,5 millionar kroner.

– Via intranettet har vi også gjort det mogeleg at tilsette kan gje sine bidrag til TV-aksjonen, sjølv om dei ikkje er heime når bøsseberarane kjem på døra.

Veronica T. Thorsen i aksjonsnemnda er sjølvsagt svært glad for det store bidraget til aksjonen.

– Det er utruleg stas å få innkalling til denne gåveutdelinga, og vi er stolte over å ha ei verksemd som verkeleg gir store bidrag til TV– aksjonen og har gjort det gjennom mange år. I morgon startar også bedriftene sin ringeaksjon, og det er ikkje tvil om at når Hydro Husnes startar med sitt bidrag så følgjer andre verksemder her i kommunen opp.

Sjølve aksjonsdagen er søndag 24. oktober, og både fabrikksjefen og aksjonsnemnda oppmodar kvinnheringane til å ta godt i mot bøsseberarane.