SKL viktig brikke i redningsaksjon

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Mannskap frå Sunnhordland Kraftlag var gull verdt for politiet i redningsaksjonen i fjellet fredag føremiddag.

DEL

Fredag blei eit turfølgje på tre personar meldt sakna i fjellet. Dei hadde gått på tur onsdag, og ingen hadde sett eller høyrt frå dei på to og eit halvt døgn.

– Vi visste dei skulle inn mot Møsevatn og var på tur mot Svelgabreen. Men vi vart veldig bekymra fordi vi visste dei berre var kledd og hadde utstyr for ein dagstur, seier lensmann Jan Fosse.

Han vil takka Sunnhordland kraftlag (SKL), som hjelpte til i redningsaksjonen etter dei tre personane.

– Dei sit på ressursar, kjentfolk, bilar og nøklar til kraftanlegg, og sendte fleire bilar og folk inn på eige initiativ for å delta i aksjonen.

Ein mann i 50-åra som var i turfølgjet hadde klart å komma seg ned til bilen sjølv, men eit tysk ektepar i 60-åra var framleis sakna i fjellet. Mannskapet frå SKL var heilt inne til Møsevatn, og fann der ein bil som politiet var interesserte i. Då politiet kom inn til Møsevatn hadde SKL to mann der inne, og ein av dei gjekk inn i fjellet for å prøva å finna dei to andre i turfølgjet.

– Mannen klarte å gå ned sjølv, men kvinna måtte delvis bærast, og hadde ikkje kome seg ned hadde det ikkje vore for SKL sitt mannskap. SKL opna Blåfalli 4 der turfølgjet fekk kvila, dei laga varm kakao til dei, og fekk eta mat vi hadde med. Då hadde dei vore utan mat sidan onsdag, og var både utmatta og nedkjølte, fortel lensmannen. Eg vil gi ein stor takk til SKL for måten dei stilte opp på, for oss er slike ressursar gull verdt.

Det var Hovudredningssentralen som sette i gang redningsaksjonen, men fordi det var lavt skydekke og skodde kunne ikkje helikopter vera med i søket etter personane. Ambulansepersonale kom til staden og tok hand om den eine som var kome seg ned sjølv. Røde Kors blei også varsla, men kom ikkje så langt at dei deltok i akjsonen. Heldigvis blei dei tre personane henta ut innan klokka 13 fredagen.

– Turfølgjet hadde rett og slett gått feil, og hadde to tøffe netter ute, det er det ingen tvil om. Det var naboar og andre på Halsnøy som meldte dei sakna.

Artikkeltags