Skada person henta etter seks timar i fjellet

Illustrasjonsfoto frå arkivet.

Illustrasjonsfoto frå arkivet.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ved 13.30-tida onsdag ramla ein mann og skada seg ved Fonnabu. Alt gjekk ikkje som det skulle ved redningsaksjonen.

Først ved 17.30-tida vart politiet i Kvinnherad varsla om å ta redningsleiinga etter ulukka i fjellet.

Politiet hadde først berre fått melding om at det var eit henteoppdrag, der redningshelikopter og luftambulanse vart sende ut. Då helikoptra kom til området var vêret for dårleg til at dei kunne landa der. Då vart det sendt melding til hjelpekorps, ambulansepersonale og den alpine redningsgruppa, som tok seg opp til den skada mannen. Dei byrja arbeidet med å frakta vedkommande nedover i fjellet, og ved 19.30-tida var det ei lita opning i skylaget, og helikopter kunne henta vedkommande med seg til Haukeland sjukehus.

– Dei som kom seg opp gjorde ein formidabel jobb, men det var for få og dei hadde sparsamt med utstyr. Samstundes er ikkje vi nøgde med at vi vart varsla så seint, med omsyn til å ta ansvar for aksjonen. Det gjekk for lang tid, noko som har gått ut over den skada, seier Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor.

Han seier at dette er noko ein i etterkant må evaluera med AMK. Den uheldige var ikkje alvorleg skada, men kunne ikkje ta seg ned igjen på beina.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags