Kom seg ikkje ned frå Fonna

Røde Kors Hjelpekorps hadde med seg nødvendig søkjeutstyr og gprs då dei natt til torsdag prøvde å ta seg opp til mannen i nærleiken av Folgefonna. (Foto: Oddrun Steinsland).

Røde Kors Hjelpekorps hadde med seg nødvendig søkjeutstyr og gprs då dei natt til torsdag prøvde å ta seg opp til mannen i nærleiken av Folgefonna. (Foto: Oddrun Steinsland).

Artikkelen er over 4 år gammel

Ein mann måtte ha bistand for å komma seg ned frå fjellet torsdag morgon.

DEL

Ein mann i tredveåra som var på tur i området aust for Møsevatnet nær Folgefonna meldte frå til Hovudredningssentralen om at han ønskte bistand for å komma seg ned onsdag kveld. Det var blitt mørkt, og mannen, som ikkje er kjent i området, klarte ikkje å orientera seg i det ulendte terrenget utan lykt. Hovudredningssentralen og politiet organiserte derfor ein redningsaksjon. Leiar i Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps, Oddrun Steinsland, fortel at eit mannskap på seks prøvde å ta seg opp til mannen rundt halv eitt på natta. Dei hadde telefonkontakt med vedkommande, men det minka på batterikapasiteten på telefonene til mannen. Hjelpemannskapet gjekk så langt dei kunne, men då dei nærma seg Fonna blei det for farleg å gå vidare i mørket. Torsdag morgon heldt redningsaksjonen fram, og mannskap frå Røde Kors frå Kvinnherad og Bømlo starta å gå i halv åtte tida på morgonen.

– Det er ikkje noko dramatisk over situasjonen, mannen hadde mat og utstyr, men var litt tynt kledd, og når ein ikkje er kjent i området kan det vera utfordrande. Han blei  derfor råda til å halda seg i ro. Det vil ta ei tid før hjelpemannskapet når fram til han på grunn av terrenget og avstandane, fortel politioverbetjent Sigurd Børve rundt klokka 09.30 torsdag.

Politiet hadde ein patrulje på plassen som koordinerte aksjonen.

Oppdatering:
Rundt ti over tolv torsdag føremiddag hadde hjelpemannskapet fått mannen ned til veg/parkeringsplass. Han var svolten og hadde litt vondt i ein fot, men elles i god form. Han blei teken med til lege for sjekk.

Artikkeltags