Regelverket hindrar Joakim (18) å satsa: – Utruleg kjedeleg

Heimvik er blitt nekta opptak i fiskarmanntalet, men kjem til å satsa det han kan vidare. Her med den nye sjarken sin på Utåker.

Heimvik er blitt nekta opptak i fiskarmanntalet, men kjem til å satsa det han kan vidare. Her med den nye sjarken sin på Utåker. Foto:

Joakim Heimvik frå Utåker blir nekta opptak i fiskarmanntalet fordi han skal gå læretida som matros på slepebåt. Hadde han fått same læretida på fiskebåt, ville det gått fint. Avslaget gjer at ungguten ikkje kan satsa for fullt som fiskar.

DEL


Heimvik drøymer om å bli fiskar og sjølvstendig næringsdrivande. Han har hatt ein kjærleik til sjøen så lenge han kan hugsa. I 2018 skreiv Kvinnheringen om ungguten som hadde brukt konfirmasjonspengane sine på båt.

Denne våren er han ferdig på vidaregåande på Austevoll, der han har gått maritim-linja.

Dei neste to åra skal han ta fagbrev som matros. I juni reiser han til Skottland for å mønstra på ein av båtane til selskapet Samba Marin, som har gitt han lærlingplass.

Då samfunnet stengde

I mars stengde regjeringa ned store delar av samfunnet. Heimvik fekk ikkje reisa på skulen. Han fekk heller ikkje fullføra bilsertifikatet.

Det fekk ungguten til å ta grep.

– Eg selde bilen min og kjøpte meg ein 24 fot stor sjark. Eg måtte ha noko å gjera på, fortel han til Kvinnheringen.

Han starta enkeltpersonføretaket Heimvik Fjordfiske. Den arbeidsame 18-åringen fekk så innvilga søknad om å driva kaisal. Han kunne dermed begynna å selja fisk i Kvinnherad.

– Eg har hatt over 80 timar på sjøen sidan april, fortel Heimvik.

Men så kom nedturen.

Då utbrotet av koronaviruset stengde samfunnet, bestemde ungguten seg òg for å søka Fiskeridirektoratet om å bli tatt opp i fiskarmanntalet. Han fekk nei.

I avslaget skriv Fiskeridirektoratet at ein ikkje kan bli tatt opp dersom ein er tilsett i anna yrke eller næring enn fiske og fangst. Å vera i «fiskerifagleg» utdanning skal likevel ikkje vera til hinder for opptak i fiskarmanntalet. Maskinist-, kokke- og nautisk utdanning blir trekte fram som døme.

Men i avslaget skriv direktoratet at «felles for de utdannelsene som nevnes i instruksen er at de sikter mot praktisk arbeid om bord på fiskefartøy. Utdanning innen akvakulturfaget kan etter vårt syn inneholde innslag som kan være nyttig for arbeid om bord på fiskefartøy, men ikke i like stor grad som de andre utdanningene».

– Ein kompis av meg som går på same linja på Austevoll, skal ta læretida som matros på ein fiskebåt. Vi går same linja og tar den same utdanninga, men skal jobba på to forskjellige båtar. Eg får nei, medan han ville fått ja, sukkar Heimvik, og held fram:

– Blir du teken opp i fiskarmanntalet, kan du fiska så mykje du vil. Å få nei betyr at eg ikkje får omsetta for meir enn 50.000 kroner i året. Dei som blir tekne opp, kan ha så langt garn og så mange teiner dei berre vil. Eg har ei maksgrense på 210 meter på garnet, og får ikkje setta ut meir enn 20 teiner, forklarer han.

I læretida vil han ha tre veker fri mellom vaktene. Han gir ikkje opp draumen sjølv om det blir tøffare. Fritida kjem likevel til å gå til fiske, for å skaffa seg erfaring og dei pengane han kan til utstyr, fortel han.

Målet

For Heimvik har eitt mål for auga: Lofoten. Fiskeparadiset i nord. Fagbrevet tar han for å ha noko å falla tilbake på. For å komma seg til Lofoten og livnæra seg på fiske, har han to moglegheiter. Han kan skaffa seg jobb på ein fiskebåt, eller satsa og bygga seg opp sjølv.

– Eg har hatt fleire båtar, og kjøpte meg no ny sjark til 35.000 kroner. Eg bygger meg sakte, men sikkert opp eit grunnlag. Derfor var det utruleg kjedeleg å få avslaget, fordi eg dermed ikkje får fiska og jobba så mykje eg kan. Det er ikkje enkelt å få jobb på ein fiskebåt i dag. Sjansane for det er låge. Då må ein ha kjennskap, fordi miljøet er så lite. Eg kjem frå ein familie som driv trelasthandel. Ingen på Utåker driv med fiske i stor skala. Eg kjenner ingen og må læra alt sjølv, seier han.

Og held fram:

– Derfor søkte eg om å bli tatt opp i fiskarmanntalet. Slik at skulle kunna selja meir fisk og bygga opp erfaring og utstyr til vidare satsing på eiga hand. Det er ikkje enkelt når eg berre får omsetta for 50.000 kroner i året. Eg skjønar at det er eit regelverk, men eg føler nesten eg blir straffa berre fordi eg valde feil linje på Austevoll.

Heimvik fortel at det var då han kom til Austevoll som 16-åring, at han etter kvart skjønte kor hjarta låg.

– Eg har jobba i trelastbransjen sidan eg var 13. Seinare fekk eg sommarjobb på ferja og søkte skuleplass på Austevoll. Men det var då eg kom dit og snakka med folk, eg blei biten av basillen og skjønte at det var fiskar eg ville bli.

18-åringen er fast bestemt på å bli fiskar på heiltid, til trass for at han skal gå læretid som matros på slepebåt først. Når han er heime og har fri, skal han gjera det han likar best. Å vera på sjøen og fiska.

18-åringen er fast bestemt på å bli fiskar på heiltid, til trass for at han skal gå læretid som matros på slepebåt først. Når han er heime og har fri, skal han gjera det han likar best. Å vera på sjøen og fiska. Foto:

Då Kvinnheringen besøkte utåkerbuen i den nye sjarken tysdag, hadde han tidlegare på dagen akkurat hatt oppkøyring på Stord og bestått.

– Eg skal levera så mykje fisk til folk som eg har lov til. No når sertifikatet er i boks, kan eg òg levera sjølv, smiler Heimvik.

Han fortel at han snart har på plass ein avtale om levering av makrell til mottak i Skånevik. Elles leverer han kreps, krabbe, fisk og hummar (når den sesongen kjem). Han har hatt kaisal både på Utåker og Løfallstrand.

– Kjem eg meg på ein fiskebåt i framtida, er det heilt supert. Det hadde vore fint å fått den erfaringa. I mens skal eg uansett gjera det eg kan for å bygga meg opp sjølv, slik at eg i framtida kan leva av sjark og kvotar.

Korleis går det

Heimvik Fjordfiske AS

Enkeltpersonføretak

Joakim Heimvik

Utåker

Bransje: Fiske

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags