Spennande arbeid med Regionsenter Husnes

Silvia Tofte

Silvia Tofte

Artikkelen er over 1 år gammel

Silvia Tofte sprudla av glede då ho informerte om Regionsenter Husnes i formannskapet torsdag.

DEL

Formannskapsmøtet 12.10.17:Med stor entusiasme informerte dagleg leiar i Kvinnherad Næringsser-vice, Silvia Tofte, og kommunalsjef for prosjekt i Kvinnherad, Gunn Tove Petterteig, om framdrifta i arbeidet med Regionsenter Husnes.

Petterteig informerte først om stoda og framdrifta i planen, og ho var optimistisk med tanke på arbeidet som var gjort. Går alt som det skal kan ein vera ferdig med planen i første halvdel av 2018.

I arbeidet som no går føre seg jobbar ein etter det som vert kalla ein «smart-city»-modell. Dette er noko som er gjort i fleire store byar som Barcelona og København, med stort hell.

Silvia Tofte bobla over av entusiasme og glede då ho snakka om arbeidet ein held på med.

– Det er utruleg spennande, og det kjem til å bli veldig bra, lova Tofte.

Ho informerte nøye om kva som er viktig framover, og om ei under-søking som 60 personar har svara på med omsyn til Husnes som regionsenter.

At folk no kjem med tankane sine er viktig, og alle innspela skal systematiserast og takast med i arbeidet vidare.

– Gjennom arbeidet framover må vi sjå korleis det er mogleg for oss å påverka framtida. Det kjem eit grønt skifte som det må takast omsyn til. Vi må sjå på arbeidsplassar og om vi har riktig kompetanse, så må alt setjast saman i ein modell og vi må sy dette saman i eit system, forklara Tofte.

Formannskapet fekk høyra at det kom mange tilbakemeldingar på kva ein bør ha på Husnes, og ho ramsa opp utdanningsinstitusjonar lokalt, gründersamlingar, lærlingar, dugnadsånd, kunnskapsdeling og engasjement.

– Det er jo faktisk sånn at vi har alt dette i dag, men vi må jobba med korleis vi gjer dette kjent. Vi må sørgja for at folk faktisk veit at dette finst, sa Tofte.

Ho peika òg på at Regionssenter Husnes er noko som vil vera bra for heile kommunen, og at det er viktig at alle engasjerer seg, for regionssenterplanen er noko som vil bety noko for alle i Kvinnherad.

– Kvifor står det for eksempel ikkje ein elbil på alle ferjekaiane i kom-munen til leige. Det er jo enkelt, og det hadde vore fantastisk for dei som kom til kommunen å berre kunna leiga ein elbil på kaien. Slike idear finst det mange av, og det er viktig at vi no er kreative og prøver å realisera spenstige og nye idear.

– Skal vi henga med må vi vera framoverlente, vi må prøva ut ting. Det må bli slik at i Kvinnherad, ja, her vil vi testa ut nye ting og idear, slo Tofte fast.

Arbeidsgruppa skal no ut og vitja skular og barnehagar og prøva å få dei med i dei kreative prosessane vidare.

Syng i hovudet

Politikarane gav arbeidsgruppa mykje ros for arbeidet så langt.

– Det syng i hovudet mitt når eg høyrer på Silvia Tofte. Eg elskar òg at det blir snakka om eit stort fellesskap for heile kommunen. Heile Kvinnherad må jobba saman, det er utruleg viktig, sa Aksel Kloster (AP).

Bernth Harry Eliassen rosa òg arbeidet og peika på at det er utruleg viktig at ein får laga ein kompetansebank i Kvinnherad for å visa både kva ein har, og kva ein treng av kompetanse her i kommunen.

Rådmannen rosa òg dei som arbeider med planen, og peika på at det er store utfordringar i kommunen med omsyn til kompetanse, og at dette er noko ein må arbeida mykje med.

Artikkeltags