Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa forlengjer permitteringsordninga til 1. juli

Regjeringa har vedteke å forlengje permitteringsordninga fram til 1. juli.

– Vi kjem til å foreslå å forlengje den perioden du kan stå permittert til 1. juli for dei som eller ville gått ut av ordninga fordi det har gått eitt år, seier arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H) til NRK.

Så seint som søndag sa regjeringa at det førebels ikkje var aktuelt med ei forlenging av ordninga, som til no har hatt ei maksimaltid på 52 veker.

– Regjeringa er førebudd på å forhandle om endringar i permitteringsreglane, sa statsminister Erna Solberg (H) til NTB då.

VG melde søndag at Frp er innstilt på å gå saman med Ap, Sp og SV for å forlengje permitteringsperioden. Dermed er det fleirtal på Stortinget for å forlengje permitteringsperioden ut over dei 52 vekene som gjeld no.

Les også

Kontrollutvalet skal sjå nærare på om kompetansen for palliativ omsorg er god nok ved aldersinstitusjonane

Kommentarer til denne saken