Helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg skal òg vere til stades på pressekonferansen.

Smittetala i Noreg er høge. Onsdag vart det registrert 4.045 koronasmitta personar i Noreg, 2.525 fleire enn same dag førre veke.

I tillegg er omikronvarianten påvist fleire stader i landet. Varianten truleg er meir smittsam enn andre variantar av koronaviruset.

Torsdag skal Kjerkol møte kommunane i Viken og Oslo kommune for å diskutere koronatiltak.

Tidlegare på dagen vart det kjent at Statsforvaltaren i Vestland har sett i gang arbeidd med eit forslag til regional koronaforskrift etter at det er påvist omikronsmitte i Øygarden kommune.