Frå før er fem område i Finnmark og Trøndelag i gang med å utarbeide slike avtalar.

I statsbudsjettet for 2023 vedtok Stortinget å styrkje satsinga på bygdevekstavtalar til totalt 25 millionar kroner for 2023.

– Eg er glad for det store engasjementet for å ta del i ordninga. Vi opnar for at fleire kan søkje for å ta del, seier kommunal og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Bygdevekstavtalar er eit distriktspolitisk verkemiddel som skal bidra til busetjing, tilgang til arbeidskraft og næringsutvikling i dei minst sentrale delane av landet.

(©NPK)

Les også

Eit land vert knytt nærare