Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa utset gjenopninga med minst to veker

Regjeringa er bekymra for Delta-varianten av koronaviruset og ventar med å gå over til trinn fire i gjenopningsplanen.

Ei ny vurdering av om vi kan gå til trinn 4 vil skje i midten av august, opplyser regjeringa.

Dette er i tråd med tilrådingane frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet.

– Pandemien er ikkje over. Det er ei urovekkjande utvikling i fleire europeiske land som følgje av Delta-varianten, også i land med høgare vaksinasjonsdekning enn i Noreg, slik som Storbritannia og Nederland. Det er knytt uvisse til korleis Delta-varianten vil slå ut i Noreg når det gjeld smittespreiing og sjukdom. Regjeringa har derfor valt å følgje rådet frå Helsedirektoratet og FHI og ikkje setje i verk trinn 4 i gjenopningsplanen no, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Les også

Dette står att i gjenopninga av Noreg

Kommentarer til denne saken