– Senterpartiet og Ap har vore veldig bekymra for dei veldig høge straumprisane den siste tida og over tid. Vi er opptekne av å hjelpe folk. Vi vil derfor komme med forslag i Stortinget om eit par vekers tid for å hjelpe dei som er hardast ramma, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til VG.

Sør-Noreg opplever for tida rekordhøge straumprisar, og for dei med minst å rutte med kan det by på problem, spesielt i dei kaldare månadene som kjem.

– Vi vil styrkje bustøtta og vil leggje fram forslag om det, seier Vedum til avisa.

Bustøtte er ei statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge buutgifter.

Både Høgre og Frp har lagt fram liknande forslag onsdag. Høgre foreslår mellombels auke i bustøtta og sosialhjelpa for å hjelpe husstandar med dårleg råd i samband med dei høge straumprisane. Frp vil kutte moms på straum til private husstandar frå 1. november.

SV varsla tysdag at dei krev straumtiltak i løpet av ei veke og at dei ønskjer høgare bustøtte. Stortinget skal stemme over ei rekkje straumpristiltak torsdag, inkludert høgare bustøtte.

(©NPK)