Gå til sidens hovedinnhold

Regnbogetog gjennom Husnes sentrum: Sjå bildeserie frå den fargerike pride-markeringa her!

Som Kvinnheringen skreiv denne veka, heiv ein gjeng seg rundt og arrangerte pride-markering på Husnes. Trass i regnvêret stilte mellom 60 og 70 personar opp i fargerike klede og med flagg og pride-effektar for å visa støtte. Etter at Hogne Kvistad Gjuvsland hadde halde ein appell om kor viktig denne typen markeringar er, samla dei oppmøtte seg i eit fargerikt tog som gjekk gjennom Husnes sentrum og skapte liv og røre.