Slik har Geir det i Antarktis

Geir Lægreid Røssland sine arbeidsoppgåver på Troll stasjon er varierte. Her ser du han på Troll Airfield, der han kommuniserer med pilotane som skal landa. (Foto: Privat).

Geir Lægreid Røssland sine arbeidsoppgåver på Troll stasjon er varierte. Her ser du han på Troll Airfield, der han kommuniserer med pilotane som skal landa. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 1 år gammel

Geir Lægreid Røssland (30) frå Husnes har snart vore tre månadar på Troll stasjon i Antarktis.

DEL

I slutten av november kunne du lesa om «eventyraren» frå Husnes som nett hadde reist til Antarktis, Sørpolen, for å bu og jobba på forskingsstasjonen «Troll» i 13 månadar. Geir er elektrikar med vidareutdanning som elektroingeniør, og var ein av seks som blei plukka ut blant nesten 300 personar som søkte på jobben som «overvintrar» ved Troll. Stasjonen er i drift heile året, og derfrå blir det gjort meteorologiske observasjonar, målingar (UV-stråling) og glasiologisk og biologisk forsking. Nyleg sendte Geir oss bilde og ei oppdatering på korleis han har det.

– Arbeidsdagane består blant anna av bygging og vedlikehald, og støtte til forskingslaga som kjem hit. Eg jobbar òg i flytårnet med å kommunisera vêr og forhold på Troll Airfield med piloten som fører flyet, og hjelper til med å ta ned flyet via fly-vhf når det skal landa, forklarar Geir i ein e-post.

Han og resten av overvintrarane heldt på å gå tom for mat, og det dei hadde var svært enkelt og lagra lenge.

– Men i førre veke ankom skipet «Mary Artica» kysten, og første containerlass med fleire tonn mat og andre forsyningar har no kome opp til Troll stasjon. Det kom også eit fly frå Cape Town for å henta og levera folk, samt levera varer og 1,5 tonn fersk mat. Gleda var dermed stor for alle på stasjonen, fortel Geir.

Han og dei andre overvintrarane skal ha mange transportar frå Troll og 27 mil ned til kysten, for å henta det som står på «ice shelfen».

– Då eg var med på ein transport nyleg feira eg nyttår på iskanten i lag med to karar i «pingvinland».

Geir feira nyttårsaftan ved kysten av Antarktis, saman med blant anna keisarpingvinar. (Foto: Privat).

Geir feira nyttårsaftan ved kysten av Antarktis, saman med blant anna keisarpingvinar. (Foto: Privat).

Onsdag fekk Geir kassen sin som han sendte av garde då Kvinnheringen møtte han heime på Husnes før avreise i oktober. I den hadde han pakka ekstra ting han vil ha med til Antarktis, blant anna ein 50-talsradio han skal restaurera og byggja om, fotoapparat, ekstra klede og diverse bøker.

Men Geir har ikkje rokke å kjeda seg noko særleg:

– Etter snart tre månadar inn i opphaldet er eg overraska over kor fort tida går!

Artikkeltags