Freistar det med tur til eksotiske Nepal?

Andreas Antonsen og Kvinnheringen inviterer på tur til Nepal.

Andreas Antonsen og Kvinnheringen inviterer på tur til Nepal.

Artikkelen er over 2 år gammel

Ekspedisjonsreiser inviterer i slutten av oktober til lesartur saman med Kvinnheringen.

DEL

Ungdommen Andreas Antonsen (24) frå Husnes har saman selskapet Topp Afrika etablert Ekspedisjonsreiser AS. Antonsen er dagleg leiar i Ekspedisjonsreiser AS.

Til vanleg tilbyr dei opplevingssturar som er litt utanfor allfarveg og ikkje det som er klassiske reisemål.

– Vi prøver å få med litt spesielle reisemål, som kanskje er vel så fine, men ikkje så populære. Dessutan ønskjer vi å laga til pakkar med ein litt meir aktiv ferie, der du får oppleva noko, forklarar Antonsen.

Det relativt ferske selskapet har alt arrangert turar til Afrika, og til hausten blir det travelt. Då ventar fleire turar til Nepal, og mellom anna Stavanger Aftenblad inviterer sine lesarar på ein liknande tur som Kvinnheringen, til dette reisemålet.

Vera med sjølv

På turen til Nepal skal Antonsen sjølv vera reiseleiar, og han skal ha med seg ein representant frå Kvinnheringen.

– Kvifor Nepal

– Det er eit land der du vil få svært mange nye inntrykk og opplevingar. Landet har på ingen måte fått den merksemda den fortener. Etter mi meining er det eit ufatteleg fint reisemål og eit heilt unikt folkeslag. Uansett kvar ein snur seg møter ein eit smil, det overgår Thailand som er smilets land, seier Antonsen.

Han forklarar at kulturen er spesiell, og at ein vil få oppleva alt frå stressliv i Kathmandu til det heilt rolege i andre deler av landet.

På turen vil ein få oppleva Nepal på sitt beste gjennom kultur og turar, og ein vil få sjå fleire verdskjende monument. Det skal bli mange matgleder og eit totalinntrykk av kva Nepal er for noko, lovar Antonsen.

Han gler seg storleg til å ta med folk frå heimkommunen på tur til hausten.

Artikkeltags