Sjukepleiarstudent Cathrine Røen (21) frå Halsnøy er i praksis i Israel

Cathrine Røen (t.v.) frå Halsnøy er for tida i praksis i Israel som ein del av sjukepleiarutdanninga si. Dei første fire vekene der nede var ho og Cecilie Bjørke (nummer to frå høgre), ein annan kvinnhering som også er i Israel, i praksis på ein klinikk som minna om ein helsestasjon. (Foto: Privat).

Cathrine Røen (t.v.) frå Halsnøy er for tida i praksis i Israel som ein del av sjukepleiarutdanninga si. Dei første fire vekene der nede var ho og Cecilie Bjørke (nummer to frå høgre), ein annan kvinnhering som også er i Israel, i praksis på ein klinikk som minna om ein helsestasjon. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Cathrine, som no studerer sjukepleie på tredje året ved Universitetet i Bergen, er for tida i praksis i Israel saman med 19 andre sjukepleiarstudentar, deriblant også ein annan kvinnhering; Cecilie Bjørke (21) frå Rosendal. Studentane elles kjem frå Levanger, Stavanger og Bergen, og skal vera i Israel i til saman tre månadar, fram til 17. desember.

– Eg hadde veldig lyst å reisa litt, spesielt til eit land som ikkje er så typisk å reisa til, og som kanskje var litt utfordrande. Skulen min har sendt studentar ned i ganske mange år, så eg visste at dei hadde eit solid studietilbod. Dessutan hadde eg høyrt frå folk på skulen min som hadde vore i Israel at israelarar er flinke med studentar. Dei israelske rettleiarane tek nemleg spesiell utdanning for å rettleia studentar. Så eg søkte – og kom heldigvis inn! fortel Cathrine.

Ungdom til Israel

Jentene bur i Haifa, i den gamle sjømannskyrkja som ligg der. Kyrkja er altså ikkje i bruk lenger, den vert leigd av ein organisasjon kalla «Ungdom til Israel». Det er denne organisasjonen Cathrine reiser med, og den er i hovudsak styrt av eit ektepar som er i Israel saman med studentane – Håkon og Sidsel Wergeland.

– Dei har vore til utruleg stor hjelp, og tar oss med på mykje spennande som me aldri hadde fått sjansen til å sjå elles. Dei har avtalar og kontaktar rundt om i heile Israel.

Dei fire første vekene av praksisen var Cathrine på ein klinikk som likna på ein helsestasjon, der ho blant anna fekk sjå mange menneske frå låg sosioøkonomisk rang (sosial ulikskap innanfor helse, ut frå faktorar som utdanning, yrke, inntekt). No er ho i psykiatri-praksis på ungdomsavdelinga på sjukehuset Tirat Carmel, der dei både har open og lukka avdeling.

– Kvardagen vår består i praksis på sjukehuset, litt lesing til eksamen og strandliv. Vi har som regel fri fredag og laurdag, så då reiser me rundt i landet, eller slappar av på takterassen eller stranda. Kvar søndag har me obligatoriske førelesningar på universitet i Haifa, og førelesningane her er utruleg gode!

Cathrine og dei andre studentane har fått reisa mykje og har sett mange ulike plassar under opphaldet i Israel. Her slappa ho av i hengekøya på taket då ho overnatta i ørkenen i ein beduinleir. (Foto: Privat).

Cathrine og dei andre studentane har fått reisa mykje og har sett mange ulike plassar under opphaldet i Israel. Her slappa ho av i hengekøya på taket då ho overnatta i ørkenen i ein beduinleir. (Foto: Privat).

Får reisa rundt

Cathrine og dei andre studentane har gjennom Ungdom til Israel fått reisa rundt i landet, og har blant anna vore nær grensa til Jordan, Syria og Libanon. Dei har også vore til Jerusalem og Tel Aviv.

– Vi har vore på tur i ørkenen og ridd på kamelar, bada i Dødehavet og gått fjellturar, blant anna til Masada Mountain, som har ei litt spesiell historie. På turane bur vi ofte i såkalla «kibbutzar». Det er ein slags liten landsby, der dei prøver så godt dei kan å vera sjølvstendige, litt som ein veldig stor familie. Der høyrer alt til fellesskapet, inkludert mat og hus. Alle et måltida sine i ei stor kantine, og dei som jobbar utanfor gir det dei tener til fellesskapet. Før 1970 budde ikkje eingong ungane heime, fordi dei høyrte til fellesskapet. No er det meir modernisert, og ungane bur hos foreldra sine.

Her ser du alle dei norske sjukepleiarstudentane som er i Israel, framfor The dome of the rock/The Golden mosque, på tempelplassen i Jerusa-lem. Cathrine Røen er nummer seks frå venstre, øvst i midten. (Foto: Privat).

Her ser du alle dei norske sjukepleiarstudentane som er i Israel, framfor The dome of the rock/The Golden mosque, på tempelplassen i Jerusa-lem. Cathrine Røen er nummer seks frå venstre, øvst i midten. (Foto: Privat).

Cathrine fortel at dei også var innom Betlehem, som ligg på palestinsk side. Der besøkte dei ein organisasjon som jobbar for å betra helsa til palestinske barn og ungdommar med psykisk og fysisk utviklingshemming.

Kjentest fælt

– Kva har gjort mest inntrykk på deg så langt?

– Å stå på Golanhøgda å sjå utover Syria, medan vi høyrde skot og bomber, var uverkeleg. Inni meg visste eg at dette var lyden av sivile som døydde, på grunn av ein merkeleg maktkamp eg ikkje klarar å sjå noko godt grunnlag for. Tanken på at dei som døyr er slektningane til mange druserar på israelsk side, og at dei høyrde dei same skota som eg høyrte – eg manglar ord for å forklara kor fælt det kjentest, fortel Cathrine.

Dette bildet tok Cathrine Røen då ho stod på Golanhøgda med utsikt over Syria. Flagget er FN sitt flagg, der soldatar står og følgjer med på det som kjem fykande inn og ut av Israel av bomber, droner og liknan-de. Cathrine fortel at det var sterkt å høyra smell av bomber og skot. (Foto: Privat).

Dette bildet tok Cathrine Røen då ho stod på Golanhøgda med utsikt over Syria. Flagget er FN sitt flagg, der soldatar står og følgjer med på det som kjem fykande inn og ut av Israel av bomber, droner og liknan-de. Cathrine fortel at det var sterkt å høyra smell av bomber og skot. (Foto: Privat).

Etter hendinga prøvde ho å finna meir informasjon om kva som hadde skjedd.

– Det var berre ei einaste norsk avis som hadde nemnt hendinga – ei avis! Det er provoserande at norske medium ikkje lagar eit heilskapleg bilde av kva som skjer i Midtausten.

Cathrine fortel også at natur og landskap er veldig annleis frå Norge.

– Men den største forskjellen er kor utruleg store forskjellar det er på folk her i landet, og at dei likevel klarar å samarbeida. Her bur både jødar, kristne arabarar, muslimske arabarar, beduinar og druserar. Alle praktiserer sin religion heilt ulikt frå dei andre, likevel møtest dei og jobbar saman utan konfliktar, i alle fall ut frå mitt inntrykk. Eg har fått eit inntrykk av at samhald er viktig i Israel.

Cathrine legg til at alle menneska ho har møtt til no har vore gjestfrie og teke imot ho med opne armar.

– Det kjennest veldig bra, og eg beundrar at folk som bur i eit så konfliktfylt land framleis har omtanke for kvarandre og oss tilreisande. Eg ser mykje som eg personleg ikkje kan støtta opp under, både religiøst og kulturelt, men fellesskapet fungerer, og folk har stort sett eit bra liv her, avsluttar ho.

Artikkeltags