Det er mange som gledar seg til å vera med på festival og delta i folkehavet på Dønhaug, og alt ligg til rette for at det kan bli ny publikumsrekord.

– Vi har aldri hatt så mange solgte billettar fjorten dagar før Festidal-opninga, fortel Daidalos Dahle.

– Det er no solgt omlag 1500 billettar til kvar kveld; det er omtrent det vi har hatt på fredag ettermiddag ved Festidal-starten tidlegare år, så det er tydeleg at mange har planlagt i god tid at årets Festidalen er verdt å få med seg, meiner han.

Una M. Kolle og Margit L. Mikkelson legg til at det er kapasitet til å ta inn mange fleire, men at dei no uroar seg litt over for få frivillige vakter som har meldt seg:

– Om vi skal opna for full kapasitet så treng vi fleire frivillige, og det gjeld framleis at om du stiller som frivillig ein dag får du billett til den andre festivaldagen. Lag og organisasjonar får betalt om dei stiller med vakter, og er det ein gjeng frå eit lag som stiller så vert det ein slump pengar å tena, lokkar Margit.

– Og så får du som stiller vera med i det utruleg fine fellesskapet som vi frivillige har, det kan ikkje forklarast, det må opplevast, meiner Una.


Rigging eller trivselvakt?

Det manglar framleis frivillige fleire stader, som til dømes til rigging før og etter arrangementet. I tillegg trengs det folk til vakthald inne på området og også litt både i mattelt og i baren.

– I alt treng vi omlag hundre frivillige til, fortel Una.

– Då kan vi selgja billettar og kanskje til og med setja publikumsrekord, sidan tilstrøyminga er så stor i år. Det hadde vore utruleg kjekt om endå fleire kunne få vera med på jordet desse sommarkveldane!

For å vera frivillig under arrangementet må ein vera 18 år og registering som frivillig kan du gjera på nettsida til Festidalen.

Oppmodinga frå styret er krystallklar:

– Om du spanderer ein Festidal-kveld på oss, spanderer vi ein Festidal-kveld på deg - og så er vi saman om å laga den beste Festidalen hittil!