To har søkt på rektorstilling

DEL

Då Stig Berge-Soldal takka ja til å bli rektor på Husnes ungdomsskule, blei stillinga som rektor på Uskedalen skule lyst ut. Søknadsfristen var 30. april, og kommunen fekk inn to søknadar.

Søkjarane er Odd Steinar Arnesen (51) frå Uskedalen, adjunkt med tilleggsutdanning, og Marion Haga (33) frå Sunde, assisterande rektor.

Den som takkar ja til jobben begynner i rektorstillinga i Uskedalen 1. august.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags