– 27 millionar er nøkternt og realistisk

Eldbjørg Thygesen og Martin Herrstrøm. Her saman med advokat Olav Lund under rettsaka. (Arkivfoto).

Eldbjørg Thygesen og Martin Herrstrøm. Her saman med advokat Olav Lund under rettsaka. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Tysdag starta ei rettssak der Apotek Husnes AS har saksøkt Torghuset AS for 27,6 millionar kroner.

Det var hausten 2016 Torghuset AS og Apotek Husnes AS inngjekk avtale om eit nytt apotek på Husnes, ved sida av Vinmonopolet i Kvadraten.

Etter ei tid gjekk Torghuset AS tilbake på avtalen, og meldte at Apotek Husnes AS likevel ikkje kunne flytta inn i lokala og starta apotek som planlagt.

Dette er bakgrunnen for at Husnes Apotek har gått til sak mot Torghuset AS. Tysdag starta rettssaka i Sunnhordland Tingrett på Stord. Apotek Husnes AS er eit nystifta selskap 75 prosent eigd av Martin Herrstrøm og 25 prosent av Eldbjørg Thygesen, og begge var til stades i retten då saka kom opp.

I retten kom det fram at desse to hadde sagt opp jobbane sine, kjøpt hus i Kvinnherad og skulle flytta til kommunen. Då Kvinnheringen var i retten tysdag ville dei ikkje seia noko anna om saka, enn det som kom opp i retten.


Krav

Advokat Olav Barstad Lund representerte Apotek Husnes AS i retten, og i sitt innleiingsføredrag fortalde han grundig om prosessen før det vart inngått ein leigeavtale på ti år pluss fem år, mellom dei to selskapa. Han viste til at det hadde stått i lokalavisene i midten av oktober at det kom eit nytt Apotek 1 på Husnes, og at avtale var inngått midt i oktober 2016.

Berre nokre få veker seinare kjem det eit brev frå eigarane av Husnes Storsenter med spørsmål til dei som skulle opna det nye apoteket, om dei heller kunne flytta inn i Aksen i staden for i Kvadraten. Eigarane, Herrstrøm og Thygesen, var og såg på Aksen, og sa at dei kunne vera fleksible i høve til å flytta inn der. Årsaka til at ein på dette tidspunktet ikkje vil sleppa Apotek Husnes AS inn i Kvadraten, er at det hadde dukka opp ein eksklusivitetsavtale for Vitusapotek i Husnes Storsenter. Einaste staden det nye apoteket kunne gå inn var dermed i Aksen, som hadde same eigar som Husnes Storsenter, men ikkje var ein del av sjølve senteret.

Advokat Lund viste òg til at Herrstrøm tidlegare hadde spurt huseigar om det fanst ein slik eksklusivitetsavtale, men det vart då avslått.

Advokat Lund viste til at Norsk Medisinaldepot, som eig det eksisterande Vitus apotek på Husnes, var klare på at dei ikkje ville ha inn andre apotek, og at det ville føra til eit tap på 10 millionar kroner for dette apoteket.

Dermed varsla Martin Herrstrøm erstatningssøksmål dersom Torghuset trekte seg frå avtalen.

Fire dagar seinare kom brev frå Torghuset AS, der det stod at

Storebrand AS sin investeringskomitè hadde avgjort at dei ikkje ville skriva under avtale med Apotek Husnes AS, dette grunna avtalen med Norsk Medisinaldepot. Tilbodet om leige av Aksen dukka ikkje opp igjen. Kort tid etterpå starta Vitusapotek opp eit apotek nummer to i Kvadraten, i lokala som Apotek Husnes AS i utgangspunktet var tiltenkt.


Tal

I nærare to timar forklara så advokat Lund korleis ein var kome fram til erstatningsbeløpet på 27 millionar kroner.

Han forklara òg at Herrstrøm og Thygesen vurderte å starta opp apotek andre stader i kommunen, men då det kom eit apotek nummer to der dei ville etablera seg, så skrinla dei dette. Etableringa av eit Vitusapotek til på Husnes såg saksøkarane på som sabotasje mot Apotek Husnes AS.

Lund gjekk gjennom økonomien i ei rekke andre apotek, og la fram tal på kor stor omsetnad dei rekna med Apotek Husnes ville få. Han peika på at Tingretten må bruka skjønn i si avgjerd i saka, men påpeikte samstundes at kravet frå Thygesen og Herrstrøm er realistisk og nøkternt.


Fleire grunnar

Det er Torghuset AS som er saksøkt, eit selskap som i sommar skifta namn til Husnes Storsenter AS.

I retten var Husnes Storseneter representert ved advokat Øystein Myre Bremset frå advokatkontoret Bahr, og frå Torghuset AS møtte Are Duus Carlsen.

I sluttinnlegget til Bremset påpeikar Torghuset AS at dei må frifinnast etter rettens skjønn, avgrensa til ein erstatning på 700.000 kroner, og at Torghuset As betaler sakskostnadane.

Saksøkte påpeikar at det ligg grunn til erstatning, då det har vore uryddige forhandlingar som er passert grensa for avtalebinding.

Bremset har påpeika at det å bli tilkjent erstatning for tapt forteneste i 15 år som følgje av bortfall av ein leigekontrakt er unikt i norsk rett, og at det ikkje finst liknande erstatningskrav fremja for domstolane tidlegare.

Det vert vist til at saksøkarane ikkje vil tapa heile si inntektsevne i 15 år, men at dei har tapt eit næringslokale. Det er også påpeika frå Torghuset AS at det er eit lite lukrativt lokale dei skulle leiga. Advokaten viser òg til at saksøkarane kan etablera seg andre stader i kommunen. Saksøkte har tidlegare tilbode saksøkar eit erstatningsbeløp på 700.000 kroner, noko dei meiner er vesentleg høgare enn det saksøkar har krav på.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags