Sjekk den frekke reven!

Her bæsjar reven rett i crocsa som stod utanfor familien Sivertsen si hytte i Ølve. (Foto: PRivat).

Her bæsjar reven rett i crocsa som stod utanfor familien Sivertsen si hytte i Ølve. (Foto: PRivat).

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Turistar i Ølve fekk seg ei overrasking då ein rev dukka opp rett utanfor hytta deira, og brukte sko som utedo.

DEL

Hege Takvam Sivertsen sat på hytta i Ølve og såg på barnefilm med familien då dei fekk uventa besøk.

– Vi såg plutseleg at katten var veldig interessert i noko ute, og så ropar han yngste at det er ein rev på utsida.

Det var VG som først omtalte saka.

Rett i crocsen

Alle saman – både mor, son, dotter og katt – ilar til vindauget for å sjå kva som føregår. Der oppdagar dei at minstemann har rett – det er ein rev som luskar rundt utanfor.

Sivertsen fortel at reven ikkje la merke til at familien stod i vindauget og observerte den. Den våga seg derfor heilt opp til døra, der det står eit par crocs.

I god tru om at ho er åleine (Sivertsen trur reven er ei tispe), vel reven å markera crocsa som sitt territorium.

– Og så sit den seg og bæsjar i crocsen! ler Sivertsen.

– Skoa er bos

– Vi lo veldig. Dotter mi filma det heile, medan eg og sonen min tok bilde så vi fekk dette frå alle vinklar. Vi synest jo det var ei snodig oppleving. Vi har aldri opplevd at det har kome rev ned til kaien.

Hytteeigaren fortel at dei har sett ein og annan rev i området, men aldri så nær hytta. Kva som har lokka den heilt ned til hytta – som ligg på nedsida av ein ganske bratt skrent med berre ein liten sti som tilkomstveg – har familien inga aning om.

– Det kan jo vera at det lukta noko spesielt av dei crocsa. Vi har i alle fall ikkje teke inn dei skoa no. Dei går nok rett i boset.

Held katten inne

For familien som kjem frå Laksevåg i Bergen var opplevinga heilt uventa.

– Vi er jo byfolk, så dette er litt spesielt for oss.

Sivertsen forventar ikkje at reven dukkar opp igjen med det første, men kjem likevel til å passa på å halda skoa innandørs framover. I tillegg vil ho halda katten inne til dei er sikre på at reven ikkje har tenkt seg tilbake.

Trass i mykje latter og ei oppleving dei kjem til å hugsa, blei det gjort kort prosess med «helsinga» frå den vesle gjesten.

– Visittkortet den la igjen gjekk rett på sjøen, humrar Sivertsen.

Artikkeltags