Her hoppar Mikkel Rev rundt på tre bein

Artikkelen er over 2 år gammel

At det finst rev i Kvinnherad er ikkje noko nytt, likevel er den så folkesky at den er eit sjeldan syn for menneske. Tysdag klarte Svein Kvernenes å fanga «Mikkel» på video.

DEL

Ser du godt etter på filmsnutten frå Kvernenes, vil du leggja merke til at reven manglar delar av ein framfot.

– Det er håplaust å vurdera kva som har skjedd med den, sjølv om ein kanskje tenkjer i retning av revesaks, men det blir rein gjetting. Fangst med revesaks er uansett ulovleg, seier viltforvaltar Leiv Trygve Varanes.

Han seier revebestanden i Kvinnherad er svært variabel. Han har ikkje noko statistikk på kor mykje rev som finst her, men veit at den blir observert frå tid til annan.

– Det kan vera mykje rev utan at vi ser den, den er folkesky og veit å lura seg vekk.

– Stemmer det at reven trekkjer ned mot hus og folk viss den er smitta av skabb?

– Det stemmer nok ja, at den har ein tendens til å søkja inn i hus og liknande. Det er ikkje så lett å sjå på rev ute i det fri om den har skabb, men ein ser av og til at den kan vera snau rundt halerota og bakparten. Oftast oppdagar ein det når reven er avliva og ein får den mellom hendene. Eg har høyrt om einskilde, få observasjonar av skabb på rev det siste året.

Rev er rekna som eit skadedyr. Den kan til dømes ta små lam, høns og andre fuglar. Har den kull i nærleiken kan den ta så mykje som eit lam i døgnet.

Det er derfor skotpremie på rev, men ikkje i denne perioden, mellom april og juli. Då er det yngelstidfreding.

– Samtidig er reven ein stor musejeger, som gjer veldig god nytte for seg òg. Det blir utbetalt skotpremie på rev, og nokre område er det teke ein del. Eg trur det kan vera teke opp mot 20 revar i Utåkerbygda siste året. Men no, i perioden mellom april og juli, er den yngelstid-freda, seier Varanes.

Artikkeltags