Revygalskap og haustfest i Mauranger

LETT DEMENT TRIO: F.v. Berta (Gro Mette Fredheim), Gunda (Trude Steinsletten) og Agnes (Siri Bondhus) sleit med hugsen og til dels med kvarandre.

LETT DEMENT TRIO: F.v. Berta (Gro Mette Fredheim), Gunda (Trude Steinsletten) og Agnes (Siri Bondhus) sleit med hugsen og til dels med kvarandre.

Dei er kanskje ikkje så mange, men morosame er dei, måringane.

DEL

Revygjengen er ei undergruppe av driftige Ænes og Mauranger Bygdalag som arrangerte haustfesten.

Revytittelen «Ikkje heilt sentrisk» spelar på skilta ved Furebergbrua, ei bru som er så smal at oppmodinga om å køyra sentrisk (midt på) er eit revynummer i seg sjølv. Revyen starta med å visa filmen gjengen har laga om akkurat dette, ein snutt du kan finna på Youtube.

«Ikkje heilt sentrisk» kan ein spinna vidare på, og revyen serverte mykje galskap med folk som ikkje var heilt i lodd. Det gjaldt ikkje minst dametrioen som dukka opp fleire gonger. I nummeret «Hakkje peiling» (sjå hovudbildet) var det ein lett dement trio som surra rundt i jakta på haustfesten, og til slutt song Cohens «Halleluja» med forvirringa oppsummert i refrenget.

Publikum fekk møta mange artige typar: Pelskledde steinalderfolk dukka opp i Bondhusdalen på grunn av bresmeltinga. Det enda i fyr og flamme i møte med ligther og brennevin som låg igjen på Sandarvollen etter Maurangerdagen.

I barnehagen diskuterte ungane pedagogiske prinsipp. Men der den barmfagre barnehagepedagogen dreit i prinsippa, dreit ungane i buksa minuttet før dei blei henta. Som vanleg.

To jegerar som briska seg maskulint på post; «endeleg fri kjerring og ungar», vart bokstaveleg tala innhenta både av kone og barn, og dei to jegerane viste seg etter kvart å ha svært så mjuke interesser i klesvask og hudkremar. Ein artig vri på raljering med mannemannen.

Revyversjonen av Lycke Rideustyr selde røft skinnutstyr også til tobeinte, noko Ottar Eide og Kenneth Bondhus demonstrerte på dristig vis. Heilt til slutt i form av ein frekk ridetur med pisk og lær.

Sketsjen «Skryteturen» var høgaktuell friluftssatire: Den eine dama i trioen var berre ute etter skritt (på skritteljaren), den andre jakta skrytemotiv til intstagram-kontoen, og den tredje jakta fjelltoppar.

Fonnanytt serverte lokale nyhende av sjokkerande kaliber. Me kan venta oss både skyskraparar og gigantiske utfyllingar i Mauranger. Dette var ekte fake news, herr Trump!

Den lokale kanalen viste også interessante variantar innan blotting mot cruiseskip. Rumpa til herr Opdal bleikna...

Kenneth Bondhus si «Anna Bola», med i overkant mykje bole-musklar og sjølvstøypte mugger, fekk publikum til å gapskratta. Og då Kenneth Bondhus, Anton Langeland og Stig Fredheim opna slåbrokane og avslørte at dei hadde ei bjølle hengjande framfor bjøllene, vart det myke lått og løye då bjølleorkesteret sette i gang. Karane slo kvarandre på bjøllene med kvar si treause.

Den skikkelege musikken stod einmannsorkesteret Oddbjørn Enes for (gitar/piano). Vidare var Benthe Bondhus sminkør, Sindre og Ida Eide tok seg av lyd og bilde, medan Magne Leikvoll og Jan Ove Bondhus ordna med lys. Regiansvarleg Hanne Bakke Berntsen opplyser at revygjengen har jobba fram revyen i løpet av det siste året.

Folk i salen storkosa seg med festleg revy i litt over ein time, og etterpå var det tid for middag, deretter dans.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags