Johannes (15) fekk tidenes julegåve av Marius Ripel Jensen: – Eg trudde først ikkje på det!

VIL SATSA: Johannes T. Bondhus (t.h.) er så heldig at han har fått Marius Ripel Jensen som trenar. Denne sesongen får han vera med Marius og Team Ripel'n på løp, og nyleg kjøpte han seg banesykkel.

VIL SATSA: Johannes T. Bondhus (t.h.) er så heldig at han har fått Marius Ripel Jensen som trenar. Denne sesongen får han vera med Marius og Team Ripel'n på løp, og nyleg kjøpte han seg banesykkel. Foto:

Kommande sesong skal roadracing-talentet Marius Ripel Jensen (28) vera trenar for Johannes Thorkildsen Bondhus (15).

DEL

Johannes har to mc-hekta foreldre, Gerd-Laura og Gaute Bondhus. Dei er nære vener av foreldra til Marius, og derfor har familien Bondhus følgd karrieren til Marius og satsinga innanfor roadracing ganske tett. Dei har reist og sett Marius køyra fleire løp.

Johannes er òg hekta på alt som har motor og fart, og har sidan han var tre år køyrt cross-sykkel. Han køyrte på bane som tolvåring, og etter det har interessa berre blitt større.

På julaftan fekk han ei heilt spesiell melding av Marius – rett og slett tidenes julegåve:

– Marius sa han ville vera trenaren min, og at eg skulle få vera med Team Ripel'n denne sesongen. Eg trudde ikkje på det dei tre neste dagane! Men så forstod eg at det var sant. Det er heilt fantastisk, seier Johannes, og klarer ikkje å la vera å glisa.

Johannes hadde både cross-sykkel og lettmotorsykkel frå før, og har køyrt mykje på bakkane der familien bur i Austrepollen. Han bruker omtrent ein time på å mekka i garasjen dagleg.

Det blir spennande å følgja Johannes (15). Kan han bli eit like stort talent som Marius Ripel Jensen?

Det blir spennande å følgja Johannes (15). Kan han bli eit like stort talent som Marius Ripel Jensen? Foto:

Men 21. januar fekk han seg banesykkel. Ein grøn Kawasaki ZX-6R med 117 hestar. I slutten av april skal han bli med Marius og teamet hans til Rudskogen, der Johannes skal ta lisenskurset han må ha for å kunna køyra på bane, og Marius skal bruka tida til å trena.

Eigen trailer og hengar

Vi møtte Johannes, Marius og foreldra deira i hallen til Slangeservice AS, ein av hovudsponsorane til Marius, på skipsverftet i Uskedalen. Der jobbar Team Ripel'n med å klargjera ein gigantisk hengar som skal husa motorsyklane hans når han reiser på løp, og som òg skal ha eige kjøken, bad, stove og fleire soveplassar. Dei har også skaffa ein trailer til å frakta hengaren med. Håpet er at hengaren er ferdig innreia og klar i april.

– Eg fekk ideen då eg var på løp i Tyskland, at ein slik trailer-hengar hadde vore gull. Å ha alt vi treng på ein plass gjer det mykje enklare for oss å reisa på løp. Tidlegare køyrte vi mange personbilar nedover, og sjølv om ein trailer bruker mykje diesel er det faktisk meir miljøvennleg med eigen trailer. Vi skal òg montera eit 14 x8 meter stort telt utanpå, så det blir god plass, smiler Marius.

HENGAR: Denne sesongen har Team Ripel'n investert i ein hengar som dei no bygger om, og som skal husa syklane når dei reiser på løp. Den skal òg ha kjøken, bad, stove og sengeplassar. - Det vil gjera alt mykje enklare for oss, seier Marius.

HENGAR: Denne sesongen har Team Ripel'n investert i ein hengar som dei no bygger om, og som skal husa syklane når dei reiser på løp. Den skal òg ha kjøken, bad, stove og sengeplassar. - Det vil gjera alt mykje enklare for oss, seier Marius. Foto:

Unik sjanse

Mor til Johannes, Gerd-Laura, er frå seg av begeistring for moglegheita sonen no har fått.

– Motorsportmiljøet er stort i Kvinnherad, men fasilitetane for banekøyring er derimot ikkje så mykje å skryta av. Derfor er det ekstra imponerande at Marius har klart å hevda seg i toppen. Med utruleg mykje eigeninnsats har Marius bevist at det går an å satsa på dette, og han har bana veg for motorsport-interesserte i Kvinnherad. Dessutan er han utruleg flink med ungdommar. At han vil trena Johannes er stort!

– Roadracing er jo ekstremsport. Er du ikkje redd for at Johannes kan skada seg?

– Mor til Marius, Gro, seier ho har mykje høgare puls enn Marius når han køyrer løp. Det kjem sikkert eg òg til å ha. Men dette er det Johannes har lyst til, og når han får ein slik sjanse må han få prøva. Vi skal støtta han så lenge han vil satsa på motorsporten, seier Gerd-Laura.

– Ja, dette er ein så gullkanta avtale for Johannes, at vi er utruleg glade på hans vegne, legg pappa Gaute til.

Johannes sjølv er gira, og gler seg til å komma i gang:

– Å køyra roadracing virkar kjempemoro. Eg gler meg til å køyra på bane og komma opp i 200 kilometer i timen og kjenna adrenalinet.

– Kva seier kameratane dine om dette?

– Dei synest òg det er kjempekult!

Far til Marius, Arne Johnny Jensen, har tru på Johannes.

– Han har utruleg god motorikk, og eg ser noko i han. Det blir svært spennande å sjå korleis det går, om han òg har talent for roadracing.

Marius på si side gler seg òg til å trena Johannes:

– Eg har tidlegare trent ei ung jente, og synest det er kjekt å dela mine erfaringar. Eg synest det er spennande at andre frå Kvinnherad vil prøva seg i denne sporten. Den er krevjande, men veldig moro når ein får det til.

Og at det blir fleire roadracing-talent frå Kvinnherad i framtida i tillegg til Marius og Johannes, er ikkje heilt usannsynleg. Rundt oss i hallen trippar nemleg veslesøstera til Johannes, Kari på åtte år. Ho er òg interessert i motorsykkelkøyring, og smiler breitt når ho får sitja på den nyinnkjøpte sykkelen til storebroren:

– Eg har lyst til å køyra på bane eg og. Eg har ATV, og har fått låna cross-sykkelen til Johannes. Det er veldig gøy!

Johannes elskar alt med motor og fart, og gler seg til å prøva seg i roadracing. Her saman med veslesøstera Kari (8), som òg er motorinteressert.

Johannes elskar alt med motor og fart, og gler seg til å prøva seg i roadracing. Her saman med veslesøstera Kari (8), som òg er motorinteressert. Foto:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags