– Nazareth har vore eit internasjonalt anerkjent rockeband i mange tiår, med mange førsteliste-plasseringar verda over. OmStock er stolte og glade for å kunna henta eit internasjonalt band til Husnes og Kvinnherad! heiter det i pressemeldinga frå Trond Betten og Castle Road Management.

Det skotske bandet blei starta i 1968, og feirar dermed 50-årsjubileum i år. Sidan starten har fleire av band-medlemmane blitt skifta ut, men bassist Pete Agnew (72) held framleis koken. Vokalist Dan McCafferty heldt det gåande til 2013, og no er det Carl Sentance som er vokalist og frontfigur. Gitarist Jimmy Murrison har vore med sidan 1994, og trommis Lee Agnew (son til bassisten) sidan 1999.

Låten «Love Hurts» er kanskje den mest kjente for mange. Den er å finna på alt av rocke-samlealbum og er aktuell i den dag i dag til dømes i reklamar. Men Nazareth har også ein rikhaldig katalog av andre hits, som til dømes «Sunshine», «Hair of the dog» (som er sagt å vera det som inspirerte Slash til å drøyma om å bli gitarist), «Dream on», «This flight tonight», «Razamanaz» «Where are you now» og mange fleire. Bandet er sett på som ein av dei største rocke-pionerane verda over, og har gitt ut 23 studio-album. Men bandet leverer framleis ny musikk av høg klasse, og 12. oktober kom det endå eit nytt album for å markera 50-årsjubileet: «Tattooed on my brain».

– 8. juni 2019 vil det altså vera Husnes og Kvinnherad som får det ærefulle besøket av sjølveste Nazareth! Vi gler oss, avsluttar Betten pressemeldinga.