Divin' Ducks lovar energisk rock & roll

DIVIN: DUCKS: F.v. Ferdinand Berentzen (gitar/kor), Øystein Rudjord (trommer), Kenneth Gran Sandberg (bass/kor) og Morten Hjøllo (gitar/vokal). (Pressefoto).

DIVIN: DUCKS: F.v. Ferdinand Berentzen (gitar/kor), Øystein Rudjord (trommer), Kenneth Gran Sandberg (bass/kor) og Morten Hjøllo (gitar/vokal). (Pressefoto). Foto:

Divin' Ducks kjem til Omstock-festivalen på Husnes med ny bassist og ei lokal legende i front.

DEL

Når det gjeld legenda, snakkar vi sjølvsagt om Morten Hjøllo (55), ein av dei fremste eksponentane for Husnesrock den gongen begrepet oppstod. Då er vi tilbake på 1980-talet og grupper som Khomeny Killers og Hjøllo Band. Etter kvart vart det alvor, og Hjøllo drog i gang Divin' Ducks med base i Oslo. Bandet turnerte i inn- og utland, og i ein periode levde Morten Hjøllo stort sett av rocken.

No har Divin' Ducks runda 32 år, bandet tar spelejobbar når det passar dei fire musikarane, og Hjøllo bur i Lillestrøm. Han ser fram til å spela på Husnes med Divin' Ducks igjen:

– Eg gler meg skikkeleg til konserten! Det er heilt fantastisk å vera tilbake på Husnes med Divin' Ducks – eg er veldig glad for at vi vart inviterte til Omstock-festivalen (7.–8. juni).

Hjøllo set òg pris på at bandet er avsluttar festivalprogrammet fredagen som rosina i pølsa.

Fullt trykk

Dei som opplevde Divin' Ducks sine konsertar i starten av bandet sin karriere, minnest ein enorm energi, samt kroppsleg humor, show og ablegøyer frå Hjøllo-en si side. Til dømes hadde han i ein periode gitarreim i strikk, og i bar overkropp kunne han finna på å senda gitaren ned og under ein ganske omfangsrik mage.

– Det har eg ikkje mage til lenger, ler skøyaren, og siktar til storleiken.

– Klarar bandet å prestera same trykket og energien i musikken som før?

– Eg vil heller gi meg enn å prestera noko som er slappare enn før, parerer Hjølloen kjapt, og skildrar Divin' Ducks i 2019-versjon slik:

– Faktisk er vi betre enn nokon gong – vi har jobba med å bli tettare og meir bestemte i uttrykket. Og den nye bassisten har tilført oss ein ny dimensjon med bass-spelet sitt, fortel Hjøllo.

Eit anna moment som aukar spelegleda er at bandet ikkje reiser på slitsame turnear, men berre tar det Hjøllo karakteriserer som interessante spelejobbar.

Han omtalar elles den nye bassisten – Kenneth Gran Sandberg – som «ungdomen», sidan han berre er 40 år. Ifølgje Hjøllo har Sandberg glidd veldig fint inn i bandet etter at han kom inn i januar.

– Vi har fått ein ny vår i Divin' Ducks, erklærer Hjøllo.

Den nye bassisten spelar Ricenbacker-bass med plekter, noko Hjøllo diggar.

– Det gir litt vrengt lyd i bassen. Så no er vi to sinte gitarar, ein sint bass og trommer. Og vi fire fungerer skikkeleg godt i lag og har det jækla gøy på scenen.

– Kva repertoar kan publikum gle seg til?

– Vi kjem med både nytt og gamalt materiale, og sjølvsagt blir det gjenhøyr med «Queen of Sheba», «The woman I'm a lovin'», «Rock & roll-man» og «Another blackout», lovar Hjøllo-en.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags