Håpar mange nyttar seg av det rause tilbodet

Livredning er ei god ballast å ha med seg. No har du òg sjansen.

Livredning er ei god ballast å ha med seg. No har du òg sjansen.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Oppmodinga kjem frå Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps. I høve den føreståande Røde Kors-dagen legg det lokale korpset opp til kurs i tre bygder. Operativ leiar og instruktør Margrete Rusten håpar at mange nyttar seg av det rause tilbodet om gratis førstehjelpskurs i regi av Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps. Den internasjonale Røde Kors-dagen er tysdag 8. mai, men det lokale korpset trør til med kurs både 7., 8. og 9. mai.

Grunnkurs

Kursa er tilrettelagde for nybegynnarar og går over tre timar. Frå innhaldet nemner Rusten hjarte- og lungeredning med og utan hjartestartar, sideleie og sjekking av pust. Det vert òg ei innføring i kva som kan vera greitt å sjekka før ein ringjer 113.

– Jo meir presist ein kan forklara situasjonen, jo fortare er hjelpa der. Derfor skal vi snakka litt om kva som er det aller viktigaste å sjekka før nødetaten vert kontakta, fortel Rusten om kursa som gir ei innføring i  grunnleggjande kunnskapar om førstehjelp.

Rosendal er først ute med kurs på Rosendal Motell måndag 7. mai. Dagen etter står Husnes for tur. Her er kurset lagt til Røde Kors-huset i Såfura. Siste kurset blir på Øyatun skule på onsdagen. Kursintruktørane er Gunn Kristin Raudstein og Margrete Rusten.

– Dersom vi får mange påmeldte, vil vi prøva å få på plass fleire instruktørar, lovar Rusten.

Røde Kors-dagen er ein offisiell og internasjonal merkedag for å heidra grunnleggaren av Røde Kors, Henri Dunant. 8. mai var fødselsdagen hans. I Norge vert dagen markert på ulike måtar i heile landet. Nokre gjer som Kvinnherad og inviterer til førstehjelpskurs, andre lokallag kan ha anna føre.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken