Røde Kors-huset held ope

Røde Kors-huset på Husnes. (Mobilfoto: Elisabeth Berg Hass).

Røde Kors-huset på Husnes. (Mobilfoto: Elisabeth Berg Hass).

Artikkelen er over 4 år gammel

Kvinnherad Røde Kors vil i samband med ekstremvêret halda Røde Kors-huset på Husnes ope fredag ettermiddag og kveld.

DEL

Kvinnherad Røde Kors melder via Facebook at dei vil halda huset ope frå klokka 17 og utover kvelden. Huset har eige straum-aggregat i tilfelle straumbrot, og dei som måtte ha behov for det kan til dømes varma småbarnsmat, lada telefoner o.l. Huset er også ope for dei som berre ønskjer å vera ilag med nokon andre i ein litt ubehagelig situasjon, og det blir servert kaffi/te, saft, vatn og småkjeks til dei som ønskjer det.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken