Røde Kors i påskefjellet

Mannskapa i Røde Kors Hjelpekorps er som vanleg klare for patruljering i Fjellhaugen i påskehelga. Bildet er frå påsken i fjor. (Arkivbilde). Foto: Jonn Karl Saetre
Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps er rusta og klart for innsats i Fjellhaugen-området i heile påskehelga.
– Vi har vakt 24 timar i døgnet frå palmefredag til andre påskedag, fortel operativ leiar, Hazel Ann Raudstein.
Korpset har planen klar for turnusordning og ein til to scooterar parat i 11 dagar. Basen blir som vanleg i Røde Kors-hytta i Fjellhaugen
Raudstein fortel at kurs og øvingar er gjennomførte, og at korpset har gått til innkjøp av ein del utstyr som kan koma vel med i påskefjellet, mellom anna skredsøkjarar, spadar og søkjestenger.
Ho oppmodar alle som vil på topptur til å bruka skredsøkjarar, slik at hjelpekorpset raskt kan finna igjen personar som har vore uheldige og kome under snøskred. Generelt oppmodar ho alle som har tenkt seg i påskefjellet om å ta gode forholdsreglar, læra seg dei nye fjellvettreglane og lytta nøye til vêrmeldingane.
– Vêret kan sjå fint ut, men kan fort lura deg, åtvarar Raudstein.
Nye fjellvettreglar
- Planlegg turen og meld frå kvar du går
- Tilpass turen etter evne og forhold
- Ta omsyn til vêr- og skredvarsel
- Ver budd på uvêr og kulde, sjølv på korte turar
- Ta med naudsynt utstyr for å kunna hjelpa deg sjølv og andre
- Ta trygge vegval. Kjenn att skredfarleg terreng og usikker is
- Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er
- Vend i tide, det er inga skam å snu
- Spar på kreftene og søk ly om naudsynt
Kommentarer til denne saken